Denne artikkelen er henta frå boka Johan von Cappelen og arven etter han. Johan von Cappelen var sokneprest i Ulstein og Hareid 1748-1792. I omslaget til boka skriv forfattaren: I 1749 kom det eit reisefølgje til prestegarden i Dimnasund. Den nye presten Johan von Cappelen kom til gards saman med kona Marthe Sophie. Dei var nygifte. Husa på garden var til nedfalls og måtte vølast. Husa vart sett i stand, og familien vart buande i Dimnasund til Johan døydde i 1792.
Johannes B. Osnes var min farfar. Han vart fødd 13.06.1876 og døydde 08.10.1950. Eg var såleis berre 3 år då han døydde, og kan ikkje minnast han. Foreldra til bestefar var Bernt Larsson Osnes og Anne Marta Johannesdatter frå Nesset i Snipsøyrdalen. Då utskiftinga på garden Osnes var ferdig i 1869, var bestefar sin bestefar, Lars Jonson Osnes, ein eldre mann. Han delte i 1871 det nye gardsbruket i to nye bruk. Ein av sønene, Andreas, fekk Gotebakken, og min oldefar, Bern, fekk Gjerdet. I grunnboka står gardsbruket med namnet Fagertun,men på folkemunne har namnet alltid vore Gjerdet. Johannes B. Osnes hadde to sysken. Den eine var Hans B. Osnes (HB), som mellom mykje anna var ordførar i Ulstein. Den andre var Lisa B. Osnes, som var gift på Haugen i Indre Dimna.
Jonna, eller Johanne Grønhaug (31.121892 – 19.03.1982), som namnet offisielt var, vaks opp på Grønhaugen på Eggesbønes i Herøy kommune. Ho vaks opp saman med fleire søsken, mellom anna søstera Berte. Då ho var 19-20 år, kom ho til Ulsteinvik og jobba på telefonsentralen, som då var hos Ole Wiik.
Midt i Ulsteinvik sentrum, rett ovanfor kyrkja, voks vi opp i Gjerdegjengen. Vi var ti jenter som utgjorde denne klanen: Heidi Andersen, Oddrun Osnes og Ingunn Ulfstein fødde i 1949, Liv Osnes, Britt Synnøve Larsen, Britt Brekke (som utvandra til Ålesund i 5. klasse) og underteikna fødde i 1948, og dei tre eldste: Inger Sylvi Grønmyr, Anne Johanne Vikebakk og Annlaug Osnes fødde i 1947.
Ein statistikk frå 1972 viste at det var stigning i dyrka areal i Ulstein fram til 1968. Sidan då vart det dyrka mindre. I 1972 var mjølkeproduksjonen i kommunen på topp i Møre og Romsdal med 5868 kilo mjølk i gjennomsnitt per ku i året, eit høgt tal også i nasjonal målestokk. Sidan 1956 hadde kutalet minka frå 630 til 330 i 1971. Då stansa nedgangen, og i 1972 var det ein liten oppgang og ein auke i mjølkeproduksjonen på 12 prosent.
Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka.
Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret.
Hausten er ei travel onn, men i arbeidet har dei sett fram til denne høgtida. Under truskinga har dei lagt frå kornbandet og funne fin, rein halm til sengene. Dei har spunne og vove, alle skal få seg eit nytt kleplagg til jul. Spikekjøtet som dei hengde opp var av dei finaste sauene og geitene. Dei har gøymt på eple frå trea i hagen, og plukka neter i Alsstranda.
Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.
Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.
I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.
Julestjerna blei første gong tent vesle julaftan i 2012. Då hadde Magne Grimstad jr. to dagar tidlegare presentert idéen for Lidbjørn Vattøy. Han stilte sporty opp, teikna modellen og kappa to-fire-tom for montering. Dei to første åra stod stjerna i Osnesbrunene, men trestjerna var ikkje ei permanent løysing.
Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i årets bok av Levd Liv. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er.
Artikkelen baserer seg på eit hefte om Klubbeneset, skrive av Karl Kleven, utgitt i 2004. Kjeldene som blei brukte til dette heftet, er Bygdeboka for Ulstein og Hareid, gamle papir frå bestefaren hans, og eigne opplevingar.
Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.
Frå 1. januar 1964 var Eiksund ein del av Ulstein kommune. Ved valet 23. september 1963 skulle eiksundbuarane for første gong røyste i kommunen. Med det ville kommunestyret bli utvida frå 21 til 25 representantar og med sju i formannskapet. I midten av september 1963 presenterte Vikebladet partilistene, V, Ap, Sp, H og KrF. Valet gav Høgre flest stemmer med 379, seks mandat, KrF fekk 368 og fem mandat, Arbeidarpartiet 360 og fem mandat, Venstre 329 og fem mandat, og Senterpartiet 254 med fire mandat.