Levd liv 2013

17 treff

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

“Ulsteins-kyrkja”

Snaud og kvit og kald hev kyrkja i Ulstein stade der no i 36 aar sidan ho vart flutt inn til Vik. Ho var daa ikring 30 aar gamall, og det var visst ikkje mykje merkelegt med henne før heller. Men som ho stod der etter flyttjingi var ho ikkje betre enn før, berre tomare og kaldare.

A/S Snorre vart skipa i 1902, føremålet var å drive havfiske med dampskip. Dette var noko nytt, denne tida var det vanleg med segl, og fisket foregjekk utanfor kysten her.

Det var nokre framsynte karar som starta selskapet med ein aksjekapital på kr. 24 000,- fordelt på 10 aksjar:

– Julius Ulstein; litt om idretten i din ungdom fram til Hødd vart skipa. Du er 92 år no og kan fortelje korleis det var.

Slik startar eit unikt bandopptak som Hans Gisle Holstad tok opp med Julius Ulstein i 1977. Julius Ulstein var fødd i 1885 og var svært idretts- interessert heile livet. Han vart 102 år gamal. Her har vi redigert det som kom fram i samtalen om idretten i Ulstein i tida fram til Hødd vart skipa:

Denne artiklen er bygd på ein samtale Konrad Myrene hadde med Oskar Garnes. Dette lydopptaket er seinare skrive ned av Kjell Garnes.

Som ishavsskipper har Oskar Garnes levd eit hendingsrikt liv og opplevd mange dramatiske situasjonar der nord. «Vikingen» har fått ein prat med han. Det er ein uvanleg 17. mai han fortel om, og det høvde så meint at det no nett er 50 år sidan.

    No fortel Oskar Garnes:

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

Hallbjørg Hop var fødd i Sundgothuset (der skomakar Gunvald Sundgot hadde verkstad i Kyrkjegata) 12. mars 1912. Ho budde ei kort tid i huset til Marta Hovden i Vikemyra (Marta var fadder på Hallbjørg) til familien flytta til topphusvære i Fredheim i 1914 og seinare til nybygd Sunnmøre Ungdomsskule på Reiten i 1918. Her budde familien til dei fekk eigen heim i Osnesbakkane i 1940. Hallbjørg var såleis ektefødd ulsteining, og budde mesteparten av livet i denne kommunen som ho var så sterkt knytt til gjennom arbeidet, både som organist i Ulstein kyrkje og som frivillig kulturberar i ulike samanhengar.

Nils Grønmyr, fødd 09.03.1910 og død 26.06.1995, budde heile sitt liv på heimegarden Osneslegane i Ulstein. Han var i heile sitt yrkesaktive liv kontormann, først ved Hatlø Verksted og seinare ved Ulstein kom. El-verk.

Han var ein ekte bygdepatriot og levande interessert i idrettslaget Hødd. Sonen Arthur har skrive av artikkelen om faren. Teksta er henta frå heftet om Grønmyrslekta i Ulstein (gnr. 7, bnr. 8). Asbjørg Hasund Grønmyr har samla stoffet i dette heftet.

Kulturminnearbeid på Dimnøya

 

Fyrste gongen det vart satsa på eit kulturminneår var i 1997. Den gong skapte den nasjonale satsinga stor oppslutning over heile landet, og kvar kommune valde sitt kulturminne. I Ulstein valde ein Skjervøybuda, som sidan vart riven. Som tusenårsminne valde ein merkeleg nok det yngste området av alle – den tidlegare makkefjøra utanfor kyrkja, som no er rådhusplassen. Kanskje illustrerer desse hendingane nettopp grunnar til at ein må arbeide med å opne folk sin vilje til å reflektere over kva nærleik til historiekunnskapar gjer med oss.

Lidvard gjorde til dels vaksen manns arbeid alt frå 8-10-årsalderen. Slik kunne det vere den tida, totalt avvik frå det som er vanleg kvardag for born og unge i dag.

Han er fødd 10. mars 1917. Det er lenge sidan, jammen er han 96 år her han sit og auser av sine historiske kunnskapar med ein presisjon som kunne vere eigna til å gjere ein historieprofessor forlegen. Og han har mykje å lære oss som er litt yngre, og han har svært mykje å lære dei som er verkeleg unge. Det er ein av grunnane til at vi ynskjer å skrive ned litt av dei erfaringane som han har gjort seg igjennom livet, både om barndom, arbeid, krig og fred.

Lidvard sin far var dampskipsekspeditør og kommunekasserar og hotelleigar. I tillegg til dette dreiv han ein revegard som var vanleg som god attåtnæring den tida. Faren var streng med eldsteguten Lidvard.

Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.

– Eg vil ikkje sjå henne.

– Det kan du. Det er ikkje slik du trur, svara jordmora.

Jenta som sat i trappa og venta på at den nye familiemedlemmen skulle kome til, gret.

Solveig Berge Strandebø, fødd 11.08.1913 og død 09.01. 1999. Solveig var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik.

Bygd av svenske krigsfangar

Svenskeveien gjeng mellom nørste Fjellsteingylet og Kvitåa, og gjeng frå Supasteinen som er nesten nord med Kvitåa. Frå først av gjekk den dit opp som Dalselva renn utføre, og vi som jaga geiter frå Haddalsida brukte mest den. Men dei som skal til og frå Eiksundsætra brukar sjølvsagt den andre utgåva. Eg teiknar begge utgåvene blå. Det seiest at Svenskeveien skal vere bygd av svenske krigsfangar.I Eiksund har det vore embetsfolk og rikdom i mange hundre år.

Redaksjonsnemda

Det var Johannes Hatlø, Osvald Ulstein og Ingolf B. Eikill som utgjorde redaksjonsnemda. Alle desse tre var aktive i søndagsskulearbeidet. Meir enn 400 born var aktive i søndagsskulen på denne tida.

Marie Kvammen har teke vare på heftet og lånt oss det, slik at vi kan publisere denne artikkelen.

Ved 50 års-jubileet for søndagsskulane i Ulstein i 1945 blei det laga eit festskrift over arbeidet. Heftet syner eit mangfaldig og rikt søndagsskulearbeid i Ulstein med søndagsskule i alle krinsane. Illustrasjonen til høgre og alle bileta er henta frå festskriftet.

Då eg vaks opp hadde vi ikkje elektrisk straum på Ringstad før eg var i 10-11-årsalderen.

Oljelampen og fjøslykta med sitt svake skin gjorde at det var halvskymt både inne og ute, og dette gav rom for fantasien så vi trudde både på tusser og troll.

På garden der eg budde vart det fortalt nokre soger som gjekk i arv, og som bestemor Ingeborg og tante Anna fortalde mens rokken gjekk og forvandla saueulla til heimelaga spøta- tråd.

Ei av desse sogene fortel om ei hending frå Hammarstøylen, ei fortel om ein slagbjørn som var på ferde, og den tredje om fanten som møtte honden hass Jo Fjelle.

Det var mogleg!

Vi som er gamle kjem igjen og igjen attende til dei voldsomme endringane som har skjedd i levekåra våre dei siste seksti, sytti åra. Og neppe på noko område er forandringane så store som når det gjeld å reise.