– Julius Ulstein; litt om idretten i din ungdom fram til Hødd vart skipa. Du er 92 år no og kan fortelje korleis det var.
Slik startar eit unikt bandopptak som Hans Gisle Holstad tok opp med Julius Ulstein i 1977. Julius Ulstein var fødd i 1885 og var svært idretts- interessert heile livet. Han vart 102 år gamal. Her har vi redigert det som kom fram i samtalen om idretten i Ulstein i tida fram til Hødd vart skipa:
I år er det ti år sidan IL Hødd vann cupfinalen i fotball på Ullevaal mot Tromsø IL. Søndag 25. november 2012. Det stod 1-1 etter ordinær tid og ekstraomgongar. Kampen skulle avgjerast på straffespark og Andreas Rekdal tok det avgjerande straffesparket som enda med 4-2 siger til Hødd. Tidlegare NRK fotballkommentator Arne Scheie rangerer Hødd sin cuptriumf som den største cupbomba i norsk fotballhistorie.
Dei var tre brør Sundal; tvillingane Nils (1930-1999) og Jon (1930-2007) og yngstemann, Sindre (1935-2013).
Dei vaks opp på Hofset i Ulsteinvik og var aktivt med i både korps og fotball. Alle tre spelte mange A-kampar for Hødd, der Nils i mange år også var lagkaptein og solid forsvarsspelar. Jon Sundal stod for det meste i mål, men kunne også spele ute på bana. Han vart kalla «Tippen» etter den legendariske norske landslagsmålvakta, Henry «Tippen» Johansen. Sindre «Siss» Sundal var også forsvarsspelar først og fremst.