I år er det ti år sidan IL Hødd vann cupfinalen i fotball på Ullevaal mot Tromsø IL. Søndag 25. november 2012. Det stod 1-1 etter ordinær tid og ekstraomgongar. Kampen skulle avgjerast på straffespark og Andreas Rekdal tok det avgjerande straffesparket som enda med 4-2 siger til Hødd. Tidlegare NRK fotballkommentator Arne Scheie rangerer Hødd sin cuptriumf som den største cupbomba i norsk fotballhistorie.

Levd liv markerer jubileet med å minne lesarane korleis framsidene på avisene såg ut dagen og dagane etter den store store sigeren. Dei store riksavisene hadde Ørjan Håskjold Nyland som hovudperson og omtala Nyland som “fenomenal, ein cuphelt og ein sensasjon”. Sunnmørsposten fokuserte på laget Hødd, Vestlandsnytt nytta larsnesingen Andreas Rekdal som hovudbilde, Regionavisa lot den gamle helten Kjetil Hasund møte den nye helten Ørjan Håskjold Nyland og Vikebladet fokuserte på at Hødd er Noregs beste lag og no ventar Europa.

Den mest legandariske framsida stod avisa Nordlys for: Heil-svart framside der ei lita setning lyser mot oss: “Her skulle vi egentlig feire Tromsø ILs cupgull. – Men hadde ingen plan B.”

Eit intereressant bakteppe var at Hødd tapte 0-4 mot Bodø Glimt i siste seriekamp og var to mål frå å rykke ned til andredivisjon. Det er virkeleg kort veg mellom fiasko og suksess. Med cupfinalesigeren stadfesta Hødd på nytt inntrykket av David mot Goliat og Askeladden som vinn heile kongeriket.

For Møre og Romsdal, Sunnmøre og Ulstein var cupfinalesigeren viktig for identitet og omdømebygging. Hødd har vore ein viktig faktor for skapartrang og for å lukkast i regionen vår.

Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein

Dette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese fleire artiklar frå nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!