Forbruksforeininga.

Kva vil du lese om?


Utover i 2001 tek Ulstein-samfunnet nye sprang. I slutten av mai 2001 gir politikarane skjenkeløyve til den nye restauranten Matlyst i 1. etasje i Convex-bygget. I tillegg til mat og drikke skal utestaden vere kunstgalleri med ambulerande utstillingar og delikatesseforretning. Sidan opninga sommaren 2001 presenterte Matlyst ei ny utstilling kvar månad. I desember kunne eigar og kunstmesen Bjarne Wærdahl by publikum kunstverk av Odd Nerdrum.

For ein del år sidan skreiv Ole Lars Ulstein denne artikkelen med temaet: Ulstein Mek Verksted AS i tida frå 1930 til 1959 sett med barns og ein ungdoms auge:

«Kolbein Ole Ulstein som no har ansvaret for museumet til bedrifta, har bede meg beskrive korleis diverse maskindeler vart maskinert i den første tida som eg kan minnast, det vil seie frå ca. 1938. Ein må ha i tankane kva ein hadde å hjelpe seg med. Verkstadbygget var nytt og moderne, oppsett i 1936/37. På den tida var verkstaden utstyrt med 5 dreiebenkar av forskjellige storleikar.

I åra 1931 til 38 gjekk eg to-delt sju-årig folkeskule i Dimna krins. Til vanleg var det til saman ca. 20-25 elevar ved skulen. Dei tre første skuleåra vart kalla småskulen, dei fire siste storskulen. Vi gjekk på skulen annankvar dag, fem timar i småskulen og seks timar for dag i storskulen. Eg og dei fleste syskena mine hadde same læraren i heile folkeskuletida, Johannes L. Dimmen (f. 1905).

Snarvegar

Historisk Quiz om

Forteljinga om Ulstein

handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.

Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.

Ulsteinvik sentrum. Fotograf er Gustav R. Osnes og bildet er frå 1903.


Podkast


Bli medlem

Betalingsløysing med

Vi arbeidar for at all medlemskap i Ulstein historielag vil vere gjennom nettsidene.

Det er per dags dato ikkje mogleg å betale med kort. Om du ikkje har Vipps kan du betale medlemskapet til kontonummeret til Ulstein historielag 4137.30.40744.

 

Pluss-medlem
  • Medlemsskap i Ulstein Historielag
  • Årets utgåve av tidsskriftet Levd liv
  • Digital tilgong til alle artiklar
Medlem
  • Medlemskap i Ulstein Historielag