I perioden frå kring 1960 til 1972 gjekk Ulstein kommune gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Ulstein skilde seg også ut på andre felt. I heile landet var det i slutten av 1972 berre fem kommunar som hadde arbeidd ut og godkjent generalplanar. På dette tidspunktet var generalplanen for Ulstein for lengst utarbeidd. Men utviklinga i kommunen hadde alt på fleire område passert prognosane som var rekna ut fram til 1972. Generalplanen måtte derfor revurderast. Veksten var spesielt overveldande på bustadsektoren. På dette området hadde kommunen passert prognosane for 1990!
I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i den såkalla «Trekantsaka» i Ulstein, eller «Tre-i-eitt»-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik?