Ulstein historielag gjer ein viktig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og komande generasjonar. Ved å bli medlem i historielaget tek du vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet:
Nettsida til Ulstein historielag er i stadig utvikling. Nye funksjonar vert lagt til, feil blir retta og ulike funksjonalitetar vert utbetra. Det store arbeidet ligg i at nettsida blir kontinuerleg oppdatert med nye historiske artiklar. Det er eit stort og omfattande arbeid som vert gjort.
Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.
Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.
Video frå den historiske vandringa i Vik kyrkjegard søndag 29. mai 2022. Videoane er lagt opp kronlogisk slik vandringa var.
Alle videoane er filma og redigert av Åge Andre Breivik.
Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.
– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.