Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.

– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.

Søndag 29. mai inviterte Ulstein historielag til kulturhistorisk vandring på Vik kyrkjegard. Kyrkjegarden ligg på nordsida av Ulstein kyrkje og er ikkje lenger i bruk.  Samlinga tok til klokka to med samling inne i Ulstein kyrkje. Det var den andre vandringa historielaget arrangerte dette året. Forrige vandring var på Ulstein Betong i Haddal. Rundt 120 personar hadde møtt fram for å høyre om mirakelet i Haddalura. Oppmøtet denne søndagen var på 70-80 personar, og det må sjåast som svært godt på ein elles kjølig og regnfull dag. Dei historiske vandringane til Ulstein historielag er ein suksess.

Kyrkja blei flytta i 1878

John Osnes fortalte om bakgrunnen for dagens kyrkje. Den gamle steinkyrkja som stod ute på Ulstein blei råka av lynnedslag og brann 30. oktober i 1847. Det var ikkje botevon for den gamle kyrkja, og ny kyrkje blei bestemt bygd. Alt den gongen ville folket i Ulstein bygge kyrkja i sentrum, men svaret på søknaden til departementet om å flytte kyrkja kom ikkje før arbeidslaget hadde teke til på den nye kyrkja ute på ulstein. Den nye kyrkja blei vigsla 13. mai 1849. Knappe tredve år seinare blei kyrkja flytta til Vik sentrum. Det var fleire årsaker til flyttinga, blant anna lang kyrkjeveg for folket frå Fjelle, Ringstaddalen, Håheim og Aursnes. Det stod om tre moglege plasseingar: Reiten, Saunesbrauta og Geilevika. Valet fall på Geilevika og 27. oktober 1878 blei kyrkja vigsla.

Folketalet i Ulstein vaks utover 1800- og 1900-talet, og kyrkjegarden på nordsida av kyrkja blei for liten. John Osnes kunne fortelje at omlag 333 personar er gravlagd på Vik kyrkjegard. Det blei bestemt å bygge ny gravplass på Osnes og 7. september i 1924 blei den nye kyrkjegarden vigsla. Osnes kyrkjegard har tent Ulsteinfolket i snart hundre år. Ulstein har tre kyrkjegardar: Ulstein gamle kyrkjegard, Vik kyrkjegard og Osnes kyrkjegard.

Gravskikkar

Trudi Henrydotter Eikrem fortalte om gravskikkane frå steinalderen og fram til i dag. Frå eldre bronsealder la dei den døde i kister, eller uthola trestammer. Frå vikingtida blei det vanleg å legge folk i haugar. Men når kristendomen kom på 900-talet blei det slutt med å legge den døde i haugar, og dei som gjorde det kunne risikere å bli bøtelagt. I mange hundre år blei dei geistlege lagt inn i kyrkja og dei med høgast rang i samfunnet fekk grava si nærast kyrkja. Hovudet skulle ligge vest for å sjå sol-oppgongen og Jesu gjenkomst. Kyrkjegardane var til tidleg 1800-talet ofte vanstelte. I 1805 blei det slutt på å gravlegge folk inne i kyrkja både av hygieniske og praktiske årsaker. Dette førte til større interesse for gravplassar og kyrkjegardane utvikla seg til reine parkanlegg, ofte utforma av arkitektar.

På denne tida blei det vanleg med støypejarnkors. Skikken kom frå Tyskland mot slutten av 1700-talet, utløyst av Napeoleonskrigane. Jarn blei rimlegare å utvinne og ein tok til å utforme støypejarn. Samstundes vart den tidlegare skikken med knoklar og hovudskallar som symbol lagt til sides og gravene nytta kristne symbol som aks og fakkel. Det var overklassa som gjekk føre og hadde råd til jarnkors. No blei det etterkvart vanleg med hellenistiske symbol for seier og oppstandelse, og ståande gravminner.