Levd liv

Ulstein Historielag vil med årsskriftet Levd Liv knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interresse og kunnskap om lokal historie.

Levd Liv blir til kvart år ved hjelp av stor entusiasme og mykje dugnadsarbeid. Boka inneheld stoff begrensa til Ulstein, skrive av lokale artikkelforfattarar eller med tilhørighet i kommuna.

Levd Liv kom til etter eit initativ teke av Ulstein Historielag med Einar Grimstad som redaktør.

Prosjektet byrja i 2005 og det har sidan den gong blitt gitt ut ei bok kvart år i september til farsdagen. Levd Liv blei først publisert av Idéforlaget, som seinare vart Spor forlag. Einar, som dreiv forlaget, døde i 2011, men arbeidet har blitt ført vidare gjennom bror til Einar, Magne Grimstad jr. og Osberget AS. Aksel Hauge, tidlegare leiar i historielaget, har leia redaksjonsnemnda sidan starten.

Bokanmeldelse av Levd Liv frå 2005 av Harald Kjølås: “Endeleg har dei fått sitt eige sogeskrift i Ulstein også. Det var på høg tid! I forordet blir ikkje minst redaktøren for årsskriftet, Einar Grimstad, takka for det. I lag med redaksjonsnemnda har han lagt ned eit stort arbeid som viser igjen i eit godt og variert årsskrift. Meininga er nå at skriftet skal vere årvisst, men det ikkje minst avhenge av at Ulstein Historielag og redaksjonsnemnda får mange nok og gode artiklar i tida som kjem. (…) Der er elles også mange andre interessante artiklar i dette fyldige skriftet, og det lovar godt for nytt skrift også neste år.”