Offentlig

Julius Ulstein dreiv butikk, hadde båtar og bygde Sjøborg. I Sjøborg var det innreidd både kommunestyresal og fleire kommunale kontor som var i bruk fram til det nye rådhuset stod ferdig.

Offentlig

14 treff

Arve Bakke har markert seg som fagforeiningsmann og vore leiar i Fellesforbundet sidan 2007, då Kjell Bjørndalen gjekk av. Han sat tidleg i kommunestyre for Arbeidarpartiet.

Ulstein historielag gjer ein viktig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og komande generasjonar. Ved å bli medlem i historielaget tek du vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet:

I perioden frå kring 1960 til 1972 gjekk Ulstein kommune gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Ulstein skilde seg også ut på andre felt. I heile landet var det i slutten av 1972 berre fem kommunar som hadde arbeidd ut og godkjent generalplanar. På dette tidspunktet var generalplanen for Ulstein for lengst utarbeidd. Men utviklinga i kommunen hadde alt på fleire område passert prognosane som var rekna ut fram til 1972. Generalplanen måtte derfor revurderast. Veksten var spesielt overveldande på bustadsektoren. På dette området hadde kommunen passert prognosane for 1990!

Jan Berset har sete i formannskap og kommunestyre i Ulstein i over 30 år. Han er inne i den tredje perioden sin som ordførar. Han har vore med på ei storstilt utvikling av lokalsamfunnet.

Knut Ertesvåg var ordførar i Ulstein kommune frå 1948 og fram til 1960. Knut sat tre periodar for Bygdelista. I denne perioden blei mellom anna realskulen, aldersheimen og ferja mellom Eiksund og Rjånes realisert.

Martin Ulstein grunnla Ulstein Mekaniske Verksted i 1917; verksemda som skulle bli ei hjørnesteinsbedrift i regionen, og etter kvart bli kjend som konsernet og familiebedrifta Ulstein Group.

Nettsida til Ulstein historielag er i stadig utvikling. Nye funksjonar vert lagt til, feil blir retta og ulike funksjonalitetar vert utbetra. Det store arbeidet ligg i at nettsida blir kontinuerleg oppdatert med nye historiske artiklar. Det er eit stort og omfattande arbeid som vert gjort.

Ottar Kaldhol er fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune. Han har eittårig framhaldskule. Med dette utgangspunkt har han gjort betydeleg karriere innan fagrørsla og politisk arbeid både lokalt og nasjonalt.

Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.

I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i den såkalla «Trekantsaka» i Ulstein, eller «Tre-i-eitt»-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik?

Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.

Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.

– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.

Video frå den historiske vandringa i Vik kyrkjegard søndag 29. mai 2022. Videoane er lagt opp kronlogisk slik vandringa var.

Alle videoane er filma og redigert av Åge Andre Breivik.

Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.

– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.