Personar

35 treff

Anna Leinebø gjorde eit omfattande arbeid for Saniteten – også på fylkesnivå over mange år, og ho reiste rundt og starta nye lokalforeiningar i Møre og Romsdal.

Asbjørg Hasund Grønmyr reiste rundt heile kommunen og sette sprøyter då ho kom tilbake til bygda på 1950-talet. Deretter vart ho styrar for Ulstein kvileheim og så sosialsjef i Ulstein.

Berntine Dimmen var fødd i Ulsteinvik i Ulstein kommune 22.02.18. Ho var den yngste av to systre. Den eldste, Sina, var 3 år eldre. Dei hadde også ein bror, Ben. Han døydde av lungebetennelse vel 2 år gamal.

Foreldra var Kornelia og Hans Dimmen.

Bertha Karoline Osnes (f. Søvik) var ein av få kvinnelege gründerar i si tid i Ulstein. Ho makta å skape eit levebrød for seg og familien gjennom drifta av det som «alle» kjende som Berthakiosken midt i Ulsteinvik sentrum.

Borghild Lynge var utdanna og arbeidde som lærarinne. Ho var også aktivt med i misjonsarbeid og sanitetsforeningar.

Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.

Eg vart konfirmert fredsåret 1945, og den gongen var det ikkje vanskeleg å få seg arbeid. Det vanlege for jentene då var huspost, eller som tenestetaus som det heitte den tida.

Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.

Hallbjørg Hop var fødd i Sundgothuset (der skomakar Gunvald Sundgot hadde verkstad i Kyrkjegata) 12. mars 1912. Ho budde ei kort tid i huset til Marta Hovden i Vikemyra (Marta var fadder på Hallbjørg) til familien flytta til topphusvære i Fredheim i 1914 og seinare til nybygd Sunnmøre Ungdomsskule på Reiten i 1918. Her budde familien til dei fekk eigen heim i Osnesbakkane i 1940. Hallbjørg var såleis ektefødd ulsteining, og budde mesteparten av livet i denne kommunen som ho var så sterkt knytt til gjennom arbeidet, både som organist i Ulstein kyrkje og som frivillig kulturberar i ulike samanhengar.

Hannelore Måseide er første kvinnelege ordførar i Ulstein. Ho blei vald som ordførar ved kommunevalet i 2003. Ved kommunevalet 2007 blei ho vald på nytt.

Dette er historia om den unge kvinna frå ein fjellgard i Geirangerfjorden, som busette seg og slo rot ved havet. Inga var mormora mi. Vi kalla henne ”bestemor på Reiten”.

Svenske Inger G. Ulstein har gjort ein stor innsats for musikklivet og musikkopplæringa i Ulstein, men også i Saniteten. Inger voks opp i Kungälv.

Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.

Kjersti Kleven er dotter til John Kleven (d. 2009). Ho er styreleiar i Kleven Maritime AS, har teke imot prisar og markert seg i offentleg debatt.

I 1944 starta Marius Kleven (1900-1979) å arbeide på fulltid i smia som han hadde bygd seg nede i fjøresteinane i Køyla. Namnet Køyla vart brukt på den vesle bukta nedanfor Kleiva på Dimnøya. Etter kvart som verksemda ved M. Kleven Mek. Verksted AS vaks til, fekk ein behov for ulikt utstyr, forbruksmateriell og arbeidsklede.

Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.

Som ei dronning mellom møyar
ut mot havet der i vest,
ligg du kransa av små øyar
og i ly for storm og blest.

Og mot sør i bakkehellet,
kringom blenkjer våg og vik,
og mot nord, i ly av fjellet
der ligg bygda Ulsteinvik.

Marie vart fødd på småbruket Åsen i Hjartåbygda i Volda kommune 13. juli 1925. Ho var nummer seks i ein syskenflokk på sju. Ho miste mor si Anna Marie Åsen då ho var ni år. Då hadde mora lege til sengs i to år sidan veslesystra kom til. Ho fortalde fleire gongar kor trist det var å gravleggje mora si på ni-årsdagen sin.

Eg vart spurd om å skrive ein artikkel om Marit Høyvik Ulstein til boka Levd Liv. Eg sa ja, og gjennom døtrene Gerd og Solveig fekk eg tilgang til eit rikhaldig arkiv med avisutklipp, brev og notat som Marit hadde samla. Arkivet er så omfattande at det er stoff til ei heil bok.