Aksel Hauge har vore aktiv og samfunnsengasjert pådrivar i politikken, kulturen, historielaget, godtemplarlosjen og mykje meir. Aksel Hauge var skipsrøyrleggar ved Ulstein Verft frå 1953 – 2000, 47 år.
André Nevstad er den med flest kampar for Hødd. Han spela 682 kampar og skora 91 mål før han la opp som aktiv fotballspelar. André var aktiv i perioden 1998 til 2008.
Anna Leinebø gjorde eit omfattande arbeid for Saniteten – også på fylkesnivå over mange år, og ho reiste rundt og starta nye lokalforeiningar i Møre og Romsdal.
Anton Ulstein spelte ei sentral rolle i utbygginga i Ulsteindalen. Han stod også sentralt i kristenlivet og var drivkraft bak bygginga av bedehuset på Ulstein.
Arne I. Jørgensen var første rektor ved Ulstein vidaregåande skule, eller Ulsteinvik gymnasklassar som det heitte den første tida. Jørgensen stod sentral då den nye vidaregåande skulen vart reist og teken i bruk i 1977.
Asbjørg Hasund Grønmyr reiste rundt heile kommunen og sette sprøyter då ho kom tilbake til bygda på 1950-talet. Deretter vart ho styrar for Ulstein kvileheim og så sosialsjef i Ulstein.
Asbjørn Flø har markert seg som politikar både på kommune- og fylkesnivå. Han har vore ordførar og har engasjert seg sterkt i eldrepolitikk.
Bertha Karoline Osnes (f. Søvik) var ein av få kvinnelege gründerar i si tid i Ulstein. Ho makta å skape eit levebrød for seg og familien gjennom drifta av det som «alle» kjende som Berthakiosken midt i Ulsteinvik sentrum.
Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.
Bård Larsen var ein markant person i musikklivet i Ulstein. Han var både utøvande musikar og dirigent. Han starta karrieren i ULF i 1921. Det viste seg snart at ungguten hadde musikalske evner utanom det vanlege.
Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.
Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.
Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.
Enok Hasund er mest kjend for det store arbeidet han la ned i song- og musikklivet i Ulstein. Enok vart fødd i Johangarden i Hasund. Han hadde fem sysken, og gifte seg i 1900 med Kristine Rødset frå Volda.
Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.
Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.
Hallbjørg Hop gjorde ein stor innsats i Ulstein, både som organist, frivillig kulturberar og omsorgsperson i ulike samanhengar. Faren Severin var den første organisten i Ulstein.
Hallvard Hasund var initiativtakar og grunnleggar av Hasund Mek. Verksted AS. Dette er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.