Hundre personar i Ulstein

55 treff

Skulestyrar Reinhard Høydal vil først og fremst bli hugsa for dei mange avisartiklane sine. Han var bokmann og skribent, og gjorde ein stor innsats for folkeboksamlinga i Ulsteinvik.

Severin kom frå Hop ved Bergen. Severin var den første organisten i Ulstein, men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulelærar han skulle gjere si gjerning.

Mange kallar han «Mister UT himself»; Sigmund Borgundvåg er nestoren mellom skipsdesignarane i den maritime klynga og står bak suksesshistoria til utviklinga av UT-designa.

Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.

Sigrid Irvine Strand dreiv klesforretning i Ulsteinvik i nesten 40 år. Ho bygde eigne forretningsbygg. Ho var i stor grad med på å gjere Ulsteinvik til eit handelssenter som drog kundar frå fjern og nær.

Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.

Ståle Rasmussen har vore konsernsjef i Kleven sidan 2007 og såleis vore med på eit verftseventyr utanom det vanlege. Som musikar har han også spelt ei rolle kulturelt.

Svein Eiksund har lagt ned ein stor innsats i musikklivet i Ulstein gjennom fleire tiår. Mest kjend er han for arbeidet sitt med blandakoret Con Moto som har vore ein fin tilvekst til korlivet i Ulstein.

Sverre Olav Lynge var den første skuleinspektøren i Ulstein. Han var ordførar nokre vanskelege mellomkrigsår. Han leiar i forstandarskapen i Ulstein Sparebank frå 1927 og i 37 år. Han åtte den første bilen på Flø.

Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.

Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.

Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.

Tolleiv Moldskred og syskenbarnet Leif Moldskred bygde opp bedriftene Moldskred Knuseverk og Ulstein Betongindustri i Haddal. I 1980 slo bedriftene seg saman.

Aase Rise Ringstad dreiv blomsterbutikk og starta gravferdsbyrå i Ulstein. Ho var såleis med på å gjere kommunesenteret til ein meir komplett stad å bu.