Personar

94 treff

Bjarne Wærdahl har vore ein markant og kjend person i lokalsamfunnet med mange gjeremål og mange ballar i lufta både næringsmessig, kulturelt og innan fotball.

Peder F. Waage gjorde ein omfattande innsats som forretningsmann, kulturformidlar, lokalhistorikar og forfattar. Han var gift med Jorun Emilie f. Holm frå Oslo, fire born.

Asbjørn Waage leia kommuneadministrasjonen i Ulstein i ein periode der det vart teke mange, viktige framtidsretta grep. Waage sjølv var ei sterk drivkraft i desse viktige åra på 1960- og 70-talet.

Paula Rakel Urke (f. Eikrem) bygde opp og profesjonaliserte det kommunale biblioteket i Ulstein, ein institusjon ho tente heile sitt vaksne liv.

Jan Ove Ulstein er teolog, forfattar, salmediktar og poet. Han har skrive ei rekke bøker og diktsamlingar i sjangrar frå barnebøker til romanar og dikt. Arbeidar i dag som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Tore Ulstein er industrileiar og president i NHO. Han er medeigar i familieselskapet Ulsmo og dermed medeigar i Ulstein Group. Tore er utdanna sivilingeniør.

Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.

Ruth Ulstein og mannen Hallbjørn Ulstein dreiv pensjonat/hotell i Ulsteinvik. Ruth var hardtarbeidande og hadde ei hand med det meste i hotelldrifta.

Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.

Ragnar Ulstein er forfattar og har gjort seg landskjend med bøkene sine frå krigen. Han tok artium i 1940 og drog over til England for å delta i dei norske styrkane.

Martin Ulstein grunnla Ulstein Mekaniske Verksted i 1917; verksemda som skulle bli ei hjørnesteinsbedrift i regionen, og etter kvart bli kjend som konsernet og familiebedrifta Ulstein Group.

Som politikar og foreiningsmenneske engasjerte Marit Høyvik Ulstein seg spesielt for psykisk utviklingshemma menneske, både lokalt og på fylkes- og landsplan.

I dag er «Sjøborg» kjent som kulturhuset i Ulsteinvik. Men det var Julius Ulstein som sette opp det opphavlege Sjøborg i Ulsteinvik i 1917. Julius var fødd på Ulstein og døydde 103 år gammal.

Johan Sverre Ulstein, «Vass-Johan», var synonymt med Ulstein Vassverk gjennom fleire tiår. Det var slik han fekk kallenamnet sitt. Han hadde tilnærma eineansvar for å drifte den kommunale vassforsyninga i Ulstein.

Svenske Inger G. Ulstein har gjort ein stor innsats for musikklivet og musikkopplæringa i Ulstein, men også i Saniteten. Inger voks opp i Kungälv.

Idar Ulstein var ein av dei store industri- og samfunnbyggjarane i Møre og Romsdal. Han stod i spissen for oppbygginga av Ulsteinkonsernet og leverte mange bidrag til utviklinga i lokalsamfunnet.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.

Anton Ulstein spelte ei sentral rolle i utbygginga i Ulsteindalen. Han stod også sentralt i kristenlivet og var drivkraft bak bygginga av bedehuset på Ulstein.

Johannes H. Thorkildson var den første redaktøren av Vikebladet og sat som eigar og drivar i nærare 50 år. Han var utdanna typograf og starta avis og trykkeri i Ulsteinvik.

Solveig Berge Strandebø var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre, og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik. Faren var bonde og i fleire periodar ordførar i Herøy for partiet Venstre.

Sigrid Irvine Strand dreiv klesforretning i Ulsteinvik i nesten 40 år. Ho bygde eigne forretningsbygg. Ho var i stor grad med på å gjere Ulsteinvik til eit handelssenter som drog kundar frå fjern og nær.

Knut Olaf Strand var fiskar, gardbrukar, stortingsmann for Venstre, kommunepolitikar, ordførar, bankmann, reiar og søndagsskulelærar. Han vaks opp på Hasund.

Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.

Nils Skotheim var elverksjef i Ulstein frå 1968 til 1991 og var pådrivar for å skaffe kommunen eit moderne og sikkert kraftforsyningsnett. Nils kom opphavleg frå Steinshamn på Harøya.

Norvald Skeide var gründer og oppfinnar. Han gjekk læretida si ved Hatlø Verkstad og arbeidde der i fleire år. Etter krigen starta han produksjon sjølv: taklampar, barnevogner, sparkar, rattkjelkar m.m.

Åshild Sivertsen dreiv forretning med brukskunst og gåveartiklar i Ulsteinvik i 40 år. Butikken hennar vart ein institusjon I bygda, og var ei medverkande årsak til at handelssenteret i Ulstein vaks fram.

Olav Mathias Seljeseth var grunnleggaren av Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk. Ein periode tidleg på 1950-talet var bedrifta den største arbeidsplassen i kommunen.

Johan Sæter var sentral i oppbygginga av Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik. Etter nokre lærarår i Sirdal og i Syvde, kom han til Ulstein og vart lærar ved denne skulen i 1935.

Distriktslækjar Osmund Røyneland var distriktslækjar i Ulstein frå 1948 til 1974. I ei tid da folketalet voks, og det berre var to legar på Hareidlandet, måtte den samvitsfulle legen jobbe natt og dag.

Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.

Vilhelm Ringstad var murmeister og gründer og markerte seg i lokalsamfunnet gjennom sitt 100-årige liv. Han vart fødd på Nykrem i Herøy, men foreldra flytte til Haddal, der dei kjøpte seg eit lite gardsbruk.

Aase Rise Ringstad dreiv blomsterbutikk og starta gravferdsbyrå i Ulstein. Ho var såleis med på å gjere kommunesenteret til ein meir komplett stad å bu.

Ståle Rasmussen har vore konsernsjef i Kleven sidan 2007 og såleis vore med på eit verftseventyr utanom det vanlege. Som musikar har han også spelt ei rolle kulturelt.

Sverre Ottesen gjorde ein framifrå innsats i kulturlivet i Ulstein gjennom mange år. Han var typograf av profesjon. Sverre var frå Ottagarden i Ulsteinvik.

Johan Ottesen har markert seg som avismann, lokalhistorikar og som eigar av eit stort fotoarkiv. Han har gitt ut ei rekke bøker og samla tusenvis av stadnamn.

Johannes – eller Bern-Jon eller Jon oppi Gjerda – var høvedsmann, reiar, bonde, hestekar og motstandsmann. Han vart tidleg høvedsmann på eigen båt, og under jobbetida i første verdskrigen satsa han på reiarverksemd.

Historia om arkitekten Johan Osnes er på mange måtar eit glimt inn i framveksten av det nye Noreg. I Trondheim finst nokre av dei mest elegante jugendstilbygningane i landet.

Hans B. Osnes var gründer, politikar, ordførar og skribent – og skaffa seg ei namn for ettertida. Saman med fleire sytte han for å setje dampskipet Grei i rute mellom Ulsteinvik og Ålesund.

Bertha Karoline Osnes (f. Søvik) var ein av få kvinnelege gründerar i si tid i Ulstein. Ho makta å skape eit levebrød for seg og familien gjennom drifta av det som «alle» kjende som Berthakiosken midt i Ulsteinvik sentrum.

Hugo Opdal er fotografen som har sett Flø på verdskartet gjennom Studio Hugo Opdal, der han har vist fram kunsten til nasjonale og internasjonale kunstnarar.

Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.

André Nevstad er den med flest kampar for Hødd. Han spela 682 kampar og skora 91 mål før han la opp som aktiv fotballspelar. André var aktiv i perioden 1998 til 2008.

Tolleiv Moldskred og syskenbarnet Leif Moldskred bygde opp bedriftene Moldskred Knuseverk og Ulstein Betongindustri i Haddal. I 1980 slo bedriftene seg saman.

For dei som voks opp i Haddal, var både butikken «Borja» og Ludvik Moldskred ein modell for korleis ein butikk og ein kjøpmann skulle vere. Alt kom til i dei vanskeleg åra mellom verdskrigane.

Kolbjørn Moldskred kunne sjå attende på 40 år som eigar av busselskap, sjåfør og føregangsmann for trafikkutviklinga på Hareidlandet. Han vart kalla Kollen, og bussane han åtte, vart kalla Kollenbussane.

Hannelore Måseide er første kvinnelege ordførar i Ulstein. Ho blei vald som ordførar ved kommunevalet i 2003. Ved kommunevalet 2007 blei ho vald på nytt.

Sverre Olav Lynge var den første skuleinspektøren i Ulstein. Han var ordførar nokre vanskelege mellomkrigsår. Han leiar i forstandarskapen i Ulstein Sparebank frå 1927 og i 37 år. Han åtte den første bilen på Flø.

Anna Leinebø gjorde eit omfattande arbeid for Saniteten – også på fylkesnivå over mange år, og ho reiste rundt og starta nye lokalforeiningar i Møre og Romsdal.

Bård Larsen var ein markant person i musikklivet i Ulstein. Han var både utøvande musikar og dirigent. Han starta karrieren i ULF i 1921. Det viste seg snart at ungguten hadde musikalske evner utanom det vanlege.

Sverre Kristensen – eller «blekken» som folk kalla han – var kjend både som blekkslagar og kulturperson i Ulstein. Han var fødd i Ålesund. Han var to år då familien flytte til Ulsteinvik.

Marius Kleven var mannen som starta Kleven Mek. Verkstad i 1944 i Køyla på Dimnøya. Verftet utvikla seg til ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein.Marius Kleven var smed av profesjon.

Kjersti Kleven er dotter til John Kleven (d. 2009). Ho er styreleiar i Kleven Maritime AS, har teke imot prisar og markert seg i offentleg debatt.

John Kleven vart kjend som frontfigur og verftseigar. Han var kjend og respektert både i industrimiljøet og i lokalsamfunnet, og opparbeidde seg eit ry som ein folkeleg og jordnær bedriftsleiar.

Ottar Kaldhol er fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune. Han har eittårig framhaldskule. Med dette utgangspunkt har han gjort betydeleg karriere innan fagrørsla og politisk arbeid både lokalt og nasjonalt.

Arne I. Jørgensen var første rektor ved Ulstein vidaregåande skule, eller Ulsteinvik gymnasklassar som det heitte den første tida. Jørgensen stod sentral då den nye vidaregåande skulen vart reist og teken i bruk i 1977.

Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.

Skulestyrar Reinhard Høydal vil først og fremst bli hugsa for dei mange avisartiklane sine. Han var bokmann og skribent, og gjorde ein stor innsats for folkeboksamlinga i Ulsteinvik.

Severin kom frå Hop ved Bergen. Severin var den første organisten i Ulstein, men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulelærar han skulle gjere si gjerning.

Hallbjørg Hop gjorde ein stor innsats i Ulstein, både som organist, frivillig kulturberar og omsorgsperson i ulike samanhengar. Faren Severin var den første organisten i Ulstein.

Oddny Holte var åleinejordmor i Ulstein i 35 år og jobba også i omlandet. Ho var medverkande til at dødsfall og skadar ved fødsel låg langt under det som var normalen andre stadar i landet.

Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.

Leiv Havåg er kjend både som talar, diktformidlar og forkynnar. Ei tid vart han kalla «erkekateketen». I 1983 vart han vald til den første leiaren i det nye bispedømmerådet.

Anders Hatløy vart fødd i Ratvika i Borgund kommune på Sunnmøre i 1931. Faren Gottfred Hatløy var fødd i 1894 på Hatløya i Ulstein kommune. Mora Oluffa Dale var fødd i 1899 på Dale i Dalsfjorden som den tida var del av Volda kommune.

Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.

Aksel Hauge har vore aktiv og samfunnsengasjert pådrivar i politikken, kulturen, historielaget, godtemplarlosjen og mykje meir. Aksel Hauge var skipsrøyrleggar ved Ulstein Verft frå 1953 – 2000, 47 år.

Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.

Leif Hatlø stod i spissen for Hatlø Verksted under heile oppbyggingsperioden frå 1934 til 1971 då han pensjonerte seg. Dei var bl.a med å bygge opp den færøyske fiskeflåten.

Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.

Landbrukshistorikaren Sigvald Hasund gjorde karriere som professor og rektor ved Norges landbrukshøgskule. Han sat også i regjeringa Mowinckel (2) som kyrkje- og undervisningsminister.

Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.

Kjetil Hasund var den store frontfiguren og rikskjendisen då Hødd gjorde furore på fotballbana og skapte den såkalla gullalderen på 1960- og 70-talet. Karrieren hans spente over fire tiår.

Hallvard Hasund var initiativtakar og grunnleggar av Hasund Mek. Verksted AS. Dette er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Enok Hasund er mest kjend for det store arbeidet han la ned i song- og musikklivet i Ulstein. Enok vart fødd i Johangarden i Hasund. Han hadde fem sysken, og gifte seg i 1900 med Kristine Rødset frå Volda.

Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.

Johan Haddal var prydmålar av yrke og utførte mange dekorasjonsarbeid i regionen. Han har mellom anna måla taket, dørene og gallerifronten i Ulstein kyrkje.

Asbjørg Hasund Grønmyr reiste rundt heile kommunen og sette sprøyter då ho kom tilbake til bygda på 1950-talet. Deretter vart ho styrar for Ulstein kvileheim og så sosialsjef i Ulstein.

Magne Grimstad var lærar og rektor og gjorde ein omfattande innsats for å bygge opp speidararbeidet i Ulstein. Han verka og som kordirigent. Han har også vore ein svært aktiv skribent i lokalavisa.

Kjartan Grimstad var ein sentral person innan det kristne organisasjonslivet i Ulstein. Han sat i soknerådet frå 1970 til 1985. I perioden 1970 til 1974 var han soknerådsleiar.

Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.

Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.

Ragnhild Kriken Garnes har lagt ned eit stort arbeid med turn og rytmisk gymnastikk. Ho er som første kvinne æresmedlem i Hødd og har teke imot ei rekke prisar.

Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.

Asbjørn Flø har markert seg som politikar både på kommune- og fylkesnivå. Han har vore ordførar og har engasjert seg sterkt i eldrepolitikk.

Svein Eiksund har lagt ned ein stor innsats i musikklivet i Ulstein gjennom fleire tiår. Mest kjend er han for arbeidet sitt med blandakoret Con Moto som har vore ein fin tilvekst til korlivet i Ulstein.

Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.

Per Eide reknast i dag som ein av Norges mest allsidige fotografar. Han har ein BA i fotografi frå West Surrey College of Art & Design i England. Eide starta si profesjonelle karriere då han opna studio i 1981.

Inge Kåre Dragsund var oppfinnar, gründer og sentral bak industrieventyret Odim. Som ung ingeniør skaffa han seg eit renommé då han fann opp autotrålsystemet «Syncro».

Hans Dragesund var ein særprega og markant skulemann og bankmann som spelte ei sentral rolle i Ulstein gjennom ein god mannsalder.
Hans Dragesund var av småbrukarfolk i Dragesund.

Sigmund Bugjerde har markert seg som ein av dei fremste av mange leiarar for friidretten i Hødd – og på regionalt plan. I friidrettskretsar vart han ein institusjon. Han er æresmedlem i Hødd for innsatsen sin.

Marie Breivik har gjort ein stor jobb i Saniteten og var engasjert i nærmiljøet på Dimna i heile sitt vaksne liv, i tillegg til at ho var viktig i prosessen med å etablere bygdestova.