Bjarne Wærdahl har vore ein markant og kjend person i lokalsamfunnet med mange gjeremål og mange ballar i lufta både næringsmessig, kulturelt og innan fotball.
Peder F. Waage gjorde ein omfattande innsats som forretningsmann, kulturformidlar, lokalhistorikar og forfattar. Han var gift med Jorun Emilie f. Holm frå Oslo, fire born.
Asbjørn Waage leia kommuneadministrasjonen i Ulstein i ein periode der det vart teke mange, viktige framtidsretta grep. Waage sjølv var ei sterk drivkraft i desse viktige åra på 1960- og 70-talet.
Paula Rakel Urke (f. Eikrem) bygde opp og profesjonaliserte det kommunale biblioteket i Ulstein, ein institusjon ho tente heile sitt vaksne liv.
Jan Ove Ulstein er teolog, forfattar, salmediktar og poet. Han har skrive ei rekke bøker og diktsamlingar i sjangrar frå barnebøker til romanar og dikt. Arbeidar i dag som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.
Tore Ulstein er industrileiar og president i NHO. Han er medeigar i familieselskapet Ulsmo og dermed medeigar i Ulstein Group. Tore er utdanna sivilingeniør.
Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.
Ruth Ulstein og mannen Hallbjørn Ulstein dreiv pensjonat/hotell i Ulsteinvik. Ruth var hardtarbeidande og hadde ei hand med det meste i hotelldrifta.
Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.
Ragnar Ulstein er forfattar og har gjort seg landskjend med bøkene sine frå krigen. Han tok artium i 1940 og drog over til England for å delta i dei norske styrkane.
Som politikar og foreiningsmenneske engasjerte Marit Høyvik Ulstein seg spesielt for psykisk utviklingshemma menneske, både lokalt og på fylkes- og landsplan.
I dag er «Sjøborg» kjent som kulturhuset i Ulsteinvik. Men det var Julius Ulstein som sette opp det opphavlege Sjøborg i Ulsteinvik i 1917. Julius var fødd på Ulstein og døydde 103 år gammal.
Johan Sverre Ulstein, «Vass-Johan», var synonymt med Ulstein Vassverk gjennom fleire tiår. Det var slik han fekk kallenamnet sitt. Han hadde tilnærma eineansvar for å drifte den kommunale vassforsyninga i Ulstein.
Svenske Inger G. Ulstein har gjort ein stor innsats for musikklivet og musikkopplæringa i Ulstein, men også i Saniteten. Inger voks opp i Kungälv.
Idar Ulstein var ein av dei store industri- og samfunnbyggjarane i Møre og Romsdal. Han stod i spissen for oppbygginga av Ulsteinkonsernet og leverte mange bidrag til utviklinga i lokalsamfunnet.
Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.
Anton Ulstein spelte ei sentral rolle i utbygginga i Ulsteindalen. Han stod også sentralt i kristenlivet og var drivkraft bak bygginga av bedehuset på Ulstein.
Johannes H. Thorkildson var den første redaktøren av Vikebladet og sat som eigar og drivar i nærare 50 år. Han var utdanna typograf og starta avis og trykkeri i Ulsteinvik.