Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.
Ulstein Marine Technology AS vart etablert i år 2000 med Ulmar AS som leiande aksjonær, og er i dag morselskapet i Ulmatec-konsernet. Den første produksjonsbedrifta var Djupviks Dreieverksted, kjøpt i 2000. I dag heiter selskapet Ulmatec Components, med avdeling i Myrvåg og Hareid. I 2001 vart Baro Mek. Verksted, i dag Ulmatec Baro, innlemma i konsernet. Så kom fleire bedrifter på rekke og rad.
I 2007 vart Stromek kjøpt, i dag Ulmatec Handling Systems. Samtidig vart Rolls-Royce sitt anlegg på Hareid kjøpt. Frå 2007 og fram til i dag har det vore investert 100 millionar kroner i anlegget. Bedrifta har utvikla seg frå å vere ei lita gründerbedrift til å bli ei bedrift som utviklar og produserer avanserte system for handtering av ulike laster som ROV-ar og modular.
I 2008 vart aksjemajoriteten i Pyro kjøpt, i dag Ulmatec Pyro, og oppkjøpa har halde fram. I 2011 starta konsernet på ein internasjonaliseringsstrategi, og har etablert seg i Singapore, Dubai og Houston. Samla har konsernet meir enn 50 tilsette utenom Noreg. I 2014 vil konsernet omsette for om lag 600 millionar kroner med kring 350 tilsette.
I tillegg er Stig Ulstein gjennom Ulmar involvert i utvikling av Ulsteinvik gjennom Ulsteinvik Utvikling, Brattøre Eiendom, Island Offshore og fleire andre prosjekt.
Stig er nummer tre i en barneflokk på fire. Foreldra var Irene Garnes Ulstein og Kolbein Ole Ulstein. Han var ferdig utdanna på maskinlinja ved NTH i Trondheim 1981 og gifte seg med Heidi f. Gamlem i 1985. Dei har tre born. Frå 1984 til 1999 hadde han ei rekke leiarjobbar i Ulsteinkonsernet. I 1997 etablerte han investeringsselskapet Ulmar AS og byrja som investor på fulltid i 1999.