Ruth Ulstein og mannen Hallbjørn Ulstein dreiv pensjonat/hotell i Ulsteinvik. Ruth var hardtarbeidande og hadde ei hand med det meste i hotelldrifta.

Ruth var gardsjente frå Romsdalen. Før ho gifte seg, jobba ho mellom anna i kantina på Setnesmoen. Der var Hallbjørn i det militære. Dei gifte seg i 1943. Dei flytte til Ulsteinvik, og Ruth kasta seg rett inn i hotelldrifta saman med svigermor Sina. Hallbjørn drog på silda og la seg opp pengar. Han var mykje borte, men Ruth var sjølvstendig og arbeidde lange, harde dagar. Svigerforeldra var til god hjelp. Det skulle gå 12 år før ho og mannen tok seg ein ferie.

Ruth gjorde alt slags arbeid på hotellet. I starten jobba ho dag samtidig som ho hadde sovande nattevakt. Ho var i resepsjonen og kafeen, vaska sengkle saman med Sina, spylte og kosta utanfor. Når gjestene skulle ha tidleg mat, var ho på plass. Då varte arbeidsdagen til gjestene kom inn om kvelden. I løpet av dagen la ho reint på romma, og om natta stod ho opp og let inn gjester som hadde vore «på byen».

Hospitset fekk etter kvart mykje å gjere, eit teikn på aukande aktivitet i bygda. Utover på 60-talet leigde dei inn ekstrahjelp. I 1957 var den første utvidinga fullført, og 10 år seinare var det gamle hospitset rive og eit nytt fire etasjars bygg oppført, med til saman 34 rom. Belegget var bra, til tider godt; handelsreisande, industrifolk, bussturistar om sommaren.

Etter kvart vart hotellet ein arbeidsplass med 15 faste stillingar. I 1981 flytte dei inn i nye lokale i Varleitet. Ruth var med på det og, som husøkonom. Ho gav seg som 67-åring i 1995.