Næring

3 treff

Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.

Martin Ulstein grunnla Ulstein Mekaniske Verksted i 1917; verksemda som skulle bli ei hjørnesteinsbedrift i regionen, og etter kvart bli kjend som konsernet og familiebedrifta Ulstein Group.