Næring

24 treff

Kvernhus

Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færin­gane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.

Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.

Forfattar: Levd liv 2022

Om ein av dei gamle, som ein gong ferdast langs kysten no, kom nordleia frå Flåvær, ville mykje vere heller framandt for honom. Burte var Herøykyrkja og den gamle handelsstaden attmed henne. Det var ikkje merke til liv i borgar- og handelsmannstunet på Hatløya, og kvar var det vorte av kjøpmannen på Vattøya? Og kyrkja på Ulstein, som var seglmerke langt vest i leia? Var folket vorte heidningar? Og hadde det gjort det av med handelsmennene? Det gjekk ein gong det ordet at dei var fælt til snytarar. Eit kvart måtte det vere som hadde gjort eit stort omskifte».

Då underteikna fekk spørsmål frå historielaget om eit tema til årets «Levd liv» hadde eg allereie ein idé om ein artikkel. Eg kunne tenke meg å skrive om skipsdesignet UT-704. Eg hadde allereie gjort ein del undersøkingar, og eg meiner at dette skipsdesignet var eit kvantesprang i høve til andre offshorebåtar som var levert frå norske verft fram til 1975. Oljeselskapa hadde aukande krav til effektivitet når riggar skulle flyttast og anker handterast. UT-704 var eit godt svar på krava, og difor vart båtane med dette designet ein stor suksess.