Knut Arne Høyvik

9 treff

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

Fiskarane på Nordvestlandet var tidleg ute med å starte fiske og fangst på fjerne farvatn. Fisket ved Vest-Grønland blei starta opp tidleg på 1920-talet. Det var organisert som ekspedisjonar med eit større moderskip. Sjølve fisket blei først drive frå små doryar av tre, med fem mann om bord, doryane hadde motorar på 10–16 HK. Ein av dei som var med på det, var Hans Gjendem frå Vigra. Han fortalde at dei dreiv kveitefiske langs kysten av Vest-Grønland like opp til Diskobukta. (Diskobukta er eit havområde som ligg innanfor øya Disko, på vestkysten av Grønland.) Dei lossa så fangsten til moderskipet.

«Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusen-tal fiskarar strekkjer sin veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut
den fiskande gut.» (Elias Marøy)

Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i årets bok av Levd Liv. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er.

Eg vart spurd om å skrive ein artikkel om Marit Høyvik Ulstein til boka Levd Liv. Eg sa ja, og gjennom døtrene Gerd og Solveig fekk eg tilgang til eit rikhaldig arkiv med avisutklipp, brev og notat som Marit hadde samla. Arkivet er så omfattande at det er stoff til ei heil bok.

I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst. For å spare olje hadde dei sett segl, og stoppa motoren. Det var ein nord- austleg bris og solskin. Midt mellom Grasøyane og Fallja (Vallabåane) blei  dei pårent av lastebåten «Wilfred» frå Trondheim. Fem mann omkom – to blei berga. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på Oskar Garnes som var 16 år den gongen. Oskar blei seinare ein kjend og respektert fiske-og ishavsskipper, som gjekk i bresjen for å koste skuta «Sjannøy» i 1949.

I eit lydbandopptak gjort av Konrad Myrene fortel han om si oppleving, og den er gjengitt tilnærma ordrett, men oppstykkja med mellomtitlar.

For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:

– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.

Då underteikna fekk spørsmål frå historielaget om eit tema til årets «Levd liv» hadde eg allereie ein idé om ein artikkel. Eg kunne tenke meg å skrive om skipsdesignet UT-704. Eg hadde allereie gjort ein del undersøkingar, og eg meiner at dette skipsdesignet var eit kvantesprang i høve til andre offshorebåtar som var levert frå norske verft fram til 1975. Oljeselskapa hadde aukande krav til effektivitet når riggar skulle flyttast og anker handterast. UT-704 var eit godt svar på krava, og difor vart båtane med dette designet ein stor suksess.