Levd liv 2021

15 treff

Administrasjonsbygget som blei reist til Ulsteingruppen i 1980 blei riven sommaren 2021. Ei vel 40-års historie er over. Administrasjonsbygget var sjølve symbolet for den sterke veksten som har vore i Ulsteinsamfunnet, og bygget blei på folkemunne kalla «Gullblokka».

Du bur på den nydelege Dimnøya og står opp frisk og oppglødd ein spesiell mandagsmorgon. Du er 19 år, du er forelska og no også så aldeles glad for å ha fått deg jobb. Du er spent, har nesten ikkje fått sove, kikar ut gjennom vindauga og ser at augustmorgonen er tørr og fin og at vinden ruskar ørlite fra sør. Du tenkjer at dette er ein fin dag å starte i ny jobb på, og du skal ikkje møte før kl.13 denne første arbeidsdagen.

Forfattar: Levd liv 2021

Arnvid Hasund var i perioden 1946 til 1948 redaktør i Sunnmøre Arbeidaravis. Sommaren 1946 blei Hasund konstituert redaktør i Sunnmøre Arbeideravis, og formelt tilsett frå 1947. Rolla som redaktør var kortvarig, og hausten 1948 går han frå stillinga som redaktør. Meir om dette seinare

Når kornet var male, mjølet og veden komne i hus, var det tid for å ta ein bakardag i kjellaren. Det var flatbrødet som skulle steikast. Ein bondegard utan store tirar med flatbrød var ikkje for rett å rekne. Brødet vart stabla i tynner eller opptira på ei hylle i buda.

For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17. mai 1960.

Med utgangspunkt i Hans Thoresen Ulstein (fødd 1. juli 1884) sine nedteikna minne frå ungdom og vakse liv som bonde og fiskar frå Ivagarden på Ulstein, vil eg freiste å få fram eit bilete av aktiviteten på strendene våre frå hundreårsskiftet og inn i det 20. hundreåret. Ei viktig kjelde er også semesteroppgåva til Tove Th Ulstein på DH i Volda i 1991 og bladet Adventa i 1970, der han fortel om sin barndom og ungdom, 86 år gamal. For å forstå korleis ein klarde seg med dei mangslungne oppgåvene som måtte til for å ha mat på bordet, til ofte store familiar, så trur eg og det er viktig å få fram samhandlinga mellom kyst og indre fjordstrøk. Der har vore stor kontakt, og mange har kome utover for å finne ein næringsveg, og dei fleste i heile området har drive fiske om vintrane.

Denne artikkelen skal handle om ulsteiningen Hallstein Asbjørn Saunes, krigssiglar, utesiglar etter krigen, langvarig Bergesen-tilsett og idrettsmann med VM-tittel.

Det største reiarlaget i Ulstein tidleg på 1900-talet var det Johan Ottesen som stod bak. På det meste hadde han tre fiskedampskip. Men til liks med fleire andre båteigarar i Ulstein gjekk han konkurs i dei vanskelege åra etter første verdskrigen.

Ottesen var også engasjert i kulturarbeid. Han var første leiaren i totalfråhaldslaget då laget vart skipa i 1889. Han var særleg aktiv innafor song og musikk. Ottesen starta også eit blandakor i 1880. I ei årrekkje, før det kom orgel i kyrkja, var han forsongar der. Han var også politisk engasjert og var gjennom mange år leiar i Ulstein Venstre.

Tysdag 6. september 1977 var ein merkedag for alle musikkinteresserte på søre Sunnmøre. Då opna Laluna Platebar som den første spesialforretning innan plater og kassettar. Både Radioservice og Loen’s musikkcenter hadde i fleire år selt musikk og musikkutstyr, men det var først med Laluna Platebar at Ulstein fekk ein eigen platebar som kun selde musikk. Denne artikkelen skal i hovudsak handle om oppstartsåret.

Som ei dronning mellom møyar
ut mot havet der i vest,
ligg du kransa av små øyar
og i ly for storm og blest.

Og mot sør i bakkehellet,
kringom blenkjer våg og vik,
og mot nord, i ly av fjellet
der ligg bygda Ulsteinvik.

Forfattar: Levd liv 2021

Arne M. Bjørndal (1916-2012) var det niande av dei 10 borna til Martin og Anna Bjørndal. Martin Bjørndal var lærar i Ulsteinvik i den tida skulen var ute på Halsen. Arne Bjørndal har skrive to autobiografiar. Dette kapittelet er eit utdrag frå My Early Days: From School Days to War Time, som i tillegg til barne- og ungdomstida omhandlar krigsåra. Etter krigen fullførte Bjørndal tannlækjarstudiet i Oslo, men etter å ha praktisert i nokre år emigrerte han til Amerika. Han vart seinare professor i odontologi av University of Iowa. Denne artikkelen er klargjort for publisering av Trond Bjørndal. Delar av materialet er omsett av Jonas Røyset.

Dei var tre brør Sundal; tvillingane Nils (1930-1999) og Jon (1930-2007) og yngstemann, Sindre (1935-2013).

Dei vaks opp på Hofset i Ulsteinvik og var aktivt med i både korps og fotball. Alle tre spelte mange A-kampar for Hødd, der Nils i mange år også var lagkaptein og solid forsvarsspelar. Jon Sundal stod for det meste i mål, men kunne også spele ute på bana. Han vart kalla «Tippen» etter den legendariske norske landslagsmålvakta, Henry «Tippen» Johansen. Sindre «Siss» Sundal var også forsvarsspelar først og fremst.

Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Ulstein veks fram er eit større prosjektet med både bok og nettside.

Då underteikna fekk spørsmål frå historielaget om eit tema til årets «Levd liv» hadde eg allereie ein idé om ein artikkel. Eg kunne tenke meg å skrive om skipsdesignet UT-704. Eg hadde allereie gjort ein del undersøkingar, og eg meiner at dette skipsdesignet var eit kvantesprang i høve til andre offshorebåtar som var levert frå norske verft fram til 1975. Oljeselskapa hadde aukande krav til effektivitet når riggar skulle flyttast og anker handterast. UT-704 var eit godt svar på krava, og difor vart båtane med dette designet ein stor suksess.

Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.

– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.