Kultur

Innhald
11 treff

Bygdesong er ein song som lovprisar heimbygda eller grenda, og vert ofte framført på 17. mai, ved skuleavslutning eller i andre høgtidelege samanhengar. Dei fleste norske bygder har ein bygdesong, og i Ulstein finn vi bygdesongar i grendene Flø, Ulsteinvik, Hasund/Sundgot, Dimna, Haddal og Eiksund.

Ein onsdagskveld i september 1978 møttest 20 entusiastiske «ungdomar» for å vere med å starte det som i den første tida vart kalla Musikkskulekoret. Møteplassen var Ulstein ungdomsskule sitt musikkrom, og bakgrunnen for at vi møttest var at nokre initiativtakarar hadde fått avtale med den nye musikkskulerektoren om å dirigere eit nytt kor dersom mange nok ville vere med.

Hasund mannskor vart skipa hausten 1934 og øvingane starta på nyåret 1935 med Johannes Sundgot som dirigent. Fleire av dei som starta mannskoret var tidlegare med i Hasund og Dimnøy blandakor med Enok Hasund som dirigent. Dei fleste av medlemane var også med i HDU der Enok også var dirigent.

Starten

Det var på årsmøtet i Hasund og Dimnøy ungdomsforening 1. februar 1920 at formannen kunne opplyse at no skulle foreininga få sitt eige musikkorps. Instrumenta vart kjøpte i 1919.

Det var medlemer i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining Enok Hasund fekk med seg og starta HDU. Hasund var formann i foreininga, og var sjølvskriven dirigent. Han var skulelærar med musikkutdanning, og hadde i 1893 vore med å starte Musikklaget Ulf i Ulsteinvik. Dette korpset var det medlemer i ungdomsforeininga i Ulsteinvik, som starta. Hasund var nestformann i foreininga i Ulsteinvik som hadde medlemer innover frå Strandabø og vidare innover til Botnen.

Sigmund Ulstein var fødd 30.07.1917 og døde 23.08.2001. Foreldra var Knut Ulstein og Petra Hasund Ulstein. Sigmund var eldst av sju sysken. Etter konfirmasjonen vart det fiske og gardsarbeid. Han byrja tidleg i Ulstein Mannskor og i Losje Tru. Begge laga var svært aktive både før, under og etter krigen med møtestad Ulsteinvik sentrum. Og sjølv om det var lang veg frå Ulstein der han budde til øvingar og møte, var Sigmund svært aktiv.

Dei var tre brør Sundal; tvillingane Nils (1930-1999) og Jon (1930-2007) og yngstemann, Sindre (1935-2013).

Dei vaks opp på Hofset i Ulsteinvik og var aktivt med i både korps og fotball. Alle tre spelte mange A-kampar for Hødd, der Nils i mange år også var lagkaptein og solid forsvarsspelar. Jon Sundal stod for det meste i mål, men kunne også spele ute på bana. Han vart kalla «Tippen» etter den legendariske norske landslagsmålvakta, Henry «Tippen» Johansen. Sindre «Siss» Sundal var også forsvarsspelar først og fremst.

Karsten Saunes (1907-1997) var ikkje berre ein meister å spele på «honn» i Musikklaget ULF og i Ulstein Salongorkester.

Han var også med og sang i bl.a. Ulstein Ungdomskor og Ulstein Mannskor og var ein av dei fremste Hødd-spelarane på 1920- og 1930-talet med over 200 registrerte A-kampar for Hødd.

Karsten var i alle år ULF, Koret og Hødd sin sjølvskrivne hus-diktar og gode deklamatør med prologar og dikt i skjemt og alvor, sist no ved 90-års-jubileet til ULF i 1983.

Kristne menneske har songen som  ein viktig reiskap i samlingane sine. Det har vore sunge mykje i våre grender. Den gode salmen har oppbygt mang ei sjel, der teksta hadde  eit evangelisk innhald. I dei ymse høgtidene, i festar og vekkingstider fekk songen ein ekstra plass. Songen  fylgde med i kvardag og helg. Folk la  varme i songen, og dei song ofte. Dei  som hadde god songstemmer, vart høgt verdsette. Prestar, klokkarar og lærarar vart ofte leiarar for songvalet, og leiinga av kora. Desse var med å skipe korsongen.

Starten

Ulstein Mannskor vart skipa 5. november 1884. Det var Ulstein Ynglingeforening, skipa i 1882, som etter foredrag av Ulstein­læraren Karl Hatlemark gjorde opptak til å få koret i gang.

Sundag 5. november 1883 var tolv mann frammøtte i stova til Knut Hanson Saunes. Prost Anker, som kom til Ulstein 1881, hadde då tinga med Rasofiel Rise frå Hareid om å ta på seg dirigentoppgåva.

Allereide 2. januar 1885 sang koret på Ynglingeforeininga sin julefest på Skeide skule, på Halsen. Det er ikkje nemnt kva koret sang her, men ein av dei var truleg den første dei øvde inn: «Til Sverge».

Våren 1978 blei Ulstein Ten Sing starta. Hausten 1967 hadde presten Kjell Grønner starta det første Ten Sing-koret i Noreg etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America.

Det er 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik vaks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med uvanleg entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse.