I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.
Det var på årsmøtet i Hasund og Dimnøy ungdomsforening 1. februar 1920 at formannen kunne opplyse at no skulle foreininga få sitt eige musikkorps. Instrumenta vart kjøpte i 1919.
Det var medlemer i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining Enok Hasund fekk med seg og starta HDU. Hasund var formann i foreininga, og var sjølvskriven dirigent. Han var skulelærar med musikkutdanning, og hadde i 1893 vore med å starte Musikklaget Ulf i Ulsteinvik. Dette korpset var det medlemer i ungdomsforeininga i Ulsteinvik, som starta. Hasund var nestformann i foreininga i Ulsteinvik som hadde medlemer innover frå Strandabø og vidare innover til Botnen.
Artikkelen baserer seg på eit hefte om Klubbeneset, skrive av Karl Kleven, utgitt i 2004. Kjeldene som blei brukte til dette heftet, er Bygdeboka for Ulstein og Hareid, gamle papir frå bestefaren hans, og eigne opplevingar.
Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.