Levd liv 2011

18 treff

– Far fortalde at der frå nordsida av haugen, på flata, og bort til haugen låg ein hellegang. Der var laga ein ring med heller rundt. Han hadde blitt fortalt at det var ein holmgang. Den holmgangen brukte dei når desse store karane slost om kven som var mektigast. Og der slost dei heilt til den eine var fallen.

Frå den tida eg kjende Einar Spjutøy vart han kalla «Einar på hjemma». Det fortalde alle at han levde det meste av si tid som gammal på gamleheimane her i Ulsteinvik.

Johannes Amundson Løset, eller gamle-Løset som han heitte på folkemunne, står på nordsida av Løsetvatnet som han eig halvdelen av, og snakkar til to karar som ligg ut på vatnet i ein robåt dei har tjuvlånt. Då gamle-Løset gjekk ned til vatnet og ba dei kome til lands med båten hans, svara dei at ”han berre måtte passe seg for dei var politi i bya!” Då sa gamle-Løset at ” e dokke politi i bya so e eg politi på Løset so det er nok best at dokke kjem til lands”

Ingeborg Huus, februar 1998. Då besta, Ingeborg Runde, døydde i mai 1996, hadde ho 20 oldeborn. Ikkje alle nådde å bli kjende med henne, men alle vi som var barnebarn, fekk eit nært – og godt – forhold til besta og bestefar på Runde.

Fridtjof Birger Hofseth var fødd på garden Haugen på Hofseth den 8. februar 1904. Han døde den 7. mai i 1997, godt og vel 93 år gamal. Han hadde då levd eit langt og rikt liv. Han hadde levd under 4 kongar og opplevd og sett store endringar i livsvilkår for seg sjølv og andre.

Augustinus Pederson Vik, f. Bigset (1831-1905), og Gurine Hansdotter, f. Saunes (1835-1916), hadde sju born som vaks opp, fem gutar og to jenter. Ein av desse var Hans Emanuel Augustinusson Wigg, tredje eldste i søskenflokken og fødd 6. juni 1864.

I Trondheim finst nokre av dei mest elegante jugendstilbygningane i landet. Arkitekten, Johan Osnes (1872 – 1961) frå Iverhaugen på Osnes, har blitt kalla ”dekorens meister” i Trondheimsarkitekturen. I denne artikkelen skal vi ta ein tur til Trondheim, men særleg sjå på det som finst frå hans hand i Ulsteinvik.

Gjerdegjengen

Midt i Ulsteinvik sentrum, rett ovanfor kyrkja, voks vi opp i Gjerdegjengen. Vi var ti jenter som utgjorde denne klanen: Heidi Andersen, Oddrun Osnes og Ingunn Ulfstein fødde i 1949, Liv Osnes, Britt Synnøve Larsen, Britt Brekke (som utvandra til Ålesund i 5. klasse) og underteikna fødde i 1948, og dei tre eldste: Inger Sylvi Grønmyr, Anne Johanne Vikebakk og Annlaug Osnes fødde i 1947.

Eg skal her prøve å skrive ned noko av det eg kan hugse frå då krigen braut ut i 1940, og då tyskarane gjekk til angrep på Norge den 9 april 1940. Eg var då vel 11 år. Far, som hadde høyrt nyheitene på radio, kom og fortalte at no var det krig i Norge, vi ungane vart redde og grunda mykje på kor det skulle gå med oss.

Martin blei fødd på Kolbeinhaugen på Ulstein av foreldra Ole Hansson og Dina Larsdotter Ulstein, saman med sju andre sysken: Hanna (1883), Johanne Sofie (1886), Lars Johannes (1889), Hans Nikolai (1891), Martin Laurits Peter (1893), Helga Salome (1896), Osvald Emil (1899), Ingeborg Nikoline (1901).

Eg stend og sagar sund ein gamal færing som har stått i naustet vårt i mange år. Ein gamal slitar som har tent ein veglaust småbrukar- og fiskarheim. Der er sovisst ikkje noko romantisk over ein slik båt. Men tankane byrjar å arbeide hjå meg om å skrive ned nokre minne frå ca. 60 år attende. Han er om lag jamgamal med meg.

Etter at Einar har gått bort, er det mange som kjenner på eit sterkt sakn. Ikkje berre dei næraste – kona Gunvor og døtrene Hanne Marte, Silje, Kamilla og deira familiar, men også for mange andre er saknet etter ein god ven og samarbeidspartnar tungt å bere.

Herøysoga fortel at ho som vart kalla Nesje-Ælina, var innskriva i kyrkjeboka med namnet Anne Eline Johannesdotter Myklebust. Ho var opphavleg frå Vartdal, fødd i 1835 og døydde i 1890. Då hadde ho vore enkje i 17 år. Ho gifta seg i 1858 med Rasmus Sjurson Måløy, som var 2 år yngre. Rasmus selde garden sin i Måløya ved Jøsok for å flytte til Havågneset i Eiksund og sette seg opp eit hus der.

Otto vart fødd 19. april 1920 som yngst av 5 sysken; Arnvid (f. 1914 – d. 1969), Ingeborg (f. 1915 – d. 1994), Kjetil (f. 1916 – d. 1997) og Astrid (f. 1918). Dei tre andre i huset var Marta f. Fjelle; 2. kona til bestefaren Andreas Saunes, og Astrid (systera til Lovise), som var gift med Karl Spjutøy.

Av heftet ”Pelsdyrtellingen i Norge pr. 1. september 1934” går det fram at det var kanadiaren Charles Dalton som vart banebrytaren for pelsdyr-oppdrett. Rett nok hadde Hudson Bay-kompaniet alt i 1872 freista å oppdrette sølvrev i fangenskap, men lukkast ikkje. Dalton gjekk i kompaniskap med Robert T. Oulton, og for desse to lukkast det etter kvart å kome fram til eit heldig resultat.

Før hundreårsskiftet 1800-1900 var det ikkje noko forsamlingshus i Hasund krins. Det var i Prestegarden, som då låg i Dimnasund, at møter og festar vart haldne.

Bakgrunnen påverka yrkesvalet

Lise Gjerdsbakk vart fødd i 1922 som nummer to i ein søskenflokk som etter kvart vart fire søstre. Foreldra var Lars Gjerdsbakk og kona Sofie som vart fødd Dimmen.

Mine første barndomsminne, og nokre glimt frå då Noreg var hærteke av tyskarane. Eg er fødd 19. juni 1940, så Noreg var alt under tysk kontroll då eg vart fødd. Eg vil tru at min minnehorisont er frå ca. 3 års-alderen og til eg var 5 år, altså frå 1943 til 1945. Sjølvopplevde minne frå krig set seg gjerne fast i eit barnesinn, som om det var i går.