Ingeborg Huus, februar 1998. Då besta, Ingeborg Runde, døydde i mai 1996, hadde ho 20 oldeborn. Ikkje alle nådde å bli kjende med henne, men alle vi som var barnebarn, fekk eit nært – og godt – forhold til besta og bestefar på Runde.
Når eg no i vaksen alder tenkjer attende på besta, så er det i grunnen fint lite eg veit om henne frå tida før ho kom til Runde. Eg syntest derfor det var artig å lese det ho hadde skrive ned om tida på Flø, om folk, seder og skikkar, og som eg no set på prent. Skriveboka som besta noterte i, arva mor mi Ingrid, og ho har hjelpt meg med arbeidet undervegs.
Fremst i skriveboka står datoen 23. mai 1968 – det var vel då ho byrja å skrive. Eg har retta mindre skrivefeil – elles er ordlyden besta sin. Eg (—) har laga (—) ei ordliste – mange ord som var sjølvsagde i besta sitt voka-bular, er i dag på veg ut. Til slutt har eg teke med ymse som døtrene til besta, Ingrid og Oddbjørg, har skrive ned av hendingar og anna som besta fortalde. Oddbjørg skreiv etter at besta var komen på sjukeheimen i Fosnavåg.
Mykje frå gamletida kom att då ho låg på det siste.
I dei vel 60 år eg hugsar attende, har tidene forandrast so nærsagt radikalt at eg har lyst å skriva ned ymse ting som viser forandringane. Det er i levemåte, arbeid, klædrakt, husbunad og livsførsel i det heile.
Ingeborg Runde som ung.
Ingeborg Runde som ung.
Ingeborg Runde fortel: Husa
Dei fleste hus der heime på Flø var bygde på same måten. Det kom vel av at dei var bygde omtrent på same tid. Der, som andre stader, var alle hus samla i eitt tun til utskiftinga kom. Det var vel i 1860–1870-åra. Eg synest hugsa at bestefar sa at han var 17 år då. Han var fødd 1847.
Husa var soleis: Ei stor stove med glas mot sjøen. Spiskammers i hin enden, gang i midten med dør ut. Ved sida av stova uppover eit sokalla langkammers. Det var langt og smalt og brukt til sengerom, dør både frå kjøken og stove. Kjøkenet var òg stort, gang og spiskammers tilsvarande små. So var det bislag utfor kjøkenet med dør ut. Me kalla det vaskarhus. For der stod benken med vaskebyttene. Sume hadde ei vasstunne med lok på. Alle bar vatnet i dei dage. Hissine (vass-selen) hang på ein krok innfor døra.
Der var òg mjølkekjeralda, smørtroget og mjølkeringer. Seinare vart òg separatoren plassert der. Men eg var mest vaksa før den fyrste av det slaget kom til bygda. Kom du inn på kjøkenet, var komfyren attmed kammersdøra, so ein stor skorstein, som vart kalka kvar vår når dei vaska ned. Langsmed glaset var kjøkenbenken. På søre veggen hadde dei fleste ein stor mjølkestol, dei kalla. Eit slags skåp uten dører med raudrosete gardine for. Der sette dei mjølkefata. Dei sette i fat den tida og fløytte av fløyten eller rjomen. Rjomen vart samla i ei stor rjomestrokke av tre og kinna til kvar helg. Dei som var yngre, byrja å ha mjølka i spiskammerset.
Men so var der so kaldt um vinteren at det var vanskeleg å få rjomen sur, og so vart det ”trå-kinna”. Då vart ikkje smøret godt. Eit langt bord var òg i kjøkenet med benker på tvo sider, ellest eit par heimelaga stola. Alt var trekvitt. Endåtil gryteloka som òg var av tre, so det var litt av eit arbeid når alt skulle skurast. Men det var berre kvar laurdag det gjekk for seg. Viss vêret var godt, vart alt småtreet, som dei sa, bore ut og skura ute. Det var oftast me ungane som hadde den jobben. Kaffikjelen, som var av kopar, skulle òg pussast.
Det var surt skjyr og slipesteingòr som var pussemiddel til den. Stova var òg spartansk møblert. Der var seng, ein eller fleire sengbenkar etter so mange born dei ha. So var det bord og stolar. Ein kommode hadde dei fleste, og kanskje eit skåp. Um vinteren vart stova bruka både til å arbeide i og til soverom. Ein etasjeomn med tvo kokehol i var i alle stover. Der koka dei kjelen um morgenen, kveldsgrauten og ofte middagsmaten òg. I sume stover, slett ikkje alle, var dørene og glaskarmane måla, ellest var både golv og vegger umåla. Berre tvo–tre stover som eg hugsar, var måla. Den eine var bestefar si kårstove. Ho var sterkt rosa med kvitt tak.
Om våren vaska dei ned, då flytte dei ut or stova. Då vart senga uppreidd til gjesteseng. Omnen vart blankpussa, gardiner vart opphengde, frå fyrst av berre korte, dei var heimevovne dei òg. Etter kvart kom det òg golvteppe. Kanskje hadde dei ein gyngestol eller ein vaskestol. So det vart liksom uppussa. Sengteppe på senga og sengkappe for. Det var ei kvit eller mønstra kappe rundt senga nede, so ikkje tomromet under senga var synleg. Broderte dukar vart lagde på bord og kommode. Pyntehandklæ med broderi eller hekl over vaskestolen, der som ein slik var til stades. Me tykte det var fint og triveleg. Det vart so ekstra god vaskelukt når det var trekvitt. Husvask skulle vere undangjort til pinse. Husmora sette si ære i det.
Lofta var delt i tvo. Innloftet, som var over stova fordi det vart lunare, var sengrom. Der var sengar burtunder raftene, spikra attåt veggen på tvo sider, so der var berre ein fot under. Der låg tenarane og dei store borna. Var der fiskefolk, låg dei der òg. Det var ikkje kvar sitt soverom den tida. På utloftet hong klæde, der var ull og tråd. Der stod òg rokk og hespetred, stundom vevstol og ymse arbeidsbeine. Der kom òg troppa upp.
Kring 1905 var det mange som la helletak på husa. Då bygde dei upp ei kvorve, som dei sa, so lofta vart høgre. Då vart det laga kvistrom og delt i fleire rom. Då kom òg svingtroppa. Heime hos oss vart det òg laga so. Det er sovidt eg hugsar det. I bestefar sitt hus var inga forandring medan dei livde.
I framgrunnen ser vi Byssgarden på Flø, gnr. 1 bnr. 2, i nyare tid. Frå venstre kårstova til besteforeldra, barndomsheimen til Ingeborg, og buda og løa med hønsehuset. Til høgre ser vi heimen til eldstesystra Ragnhild, gift Herland.
I framgrunnen ser vi Byssgarden på Flø, gnr. 1 bnr. 2, i nyare tid. Frå venstre kårstova til besteforeldra, barndomsheimen til Ingeborg, og buda og løa med hønsehuset. Til høgre ser vi heimen til eldstesystra Ragnhild, gift Herland.
Matstellet
Besteforeldra til Ingeborg: Andrine (1847-1931) og Arne Olsen Ytreflø (1847-1937).
Når eg hugsar attende, er det helst som besteforeldra hadde det. Eg var hos dei frå eg var 6–7 år til eg var 10–11 år.
Yngste bror til far, Hans, døydde av tuberkulose i mars 1909. Då flytte eg burt, for bestemor syntest det vart so tomt etter han. Dei hadde alt på gamlemåten. Åt med hornskei or treskåler. Bestefar brukte aldri gaffel. Han braut i hop ein brødleiv og la på bordet. Deruppå la han sulet og potetene. Supa åt han og bestemor i lag or ei lita, lett treskål. Eg fekk mi supe i ein rosut kume, men eg òg hadde hornskei.
Kakematen var mest potetkake. Når det vart smått med poteter, brukte dei grautakake. Dei kokte ein tjukk graut, knøda inn i mjøl so det vart so fast dei kakka det ut som potetkake og steikte på helle. Brød, eller som kake, var det dei laga det.
Bestemor steikte ei tvo–tre kvar 14. dag. Dei var av siktamjøl, og nesten alltid rårand i dei. Me fekk kvar si skive til ettermiddag, og laurdag til non, og søndag. Bestemor baka ofte lefse til helga. Dei var av siktamjøl og heimemjøl og smurde med smør og sirup. Sukker vart sjeldan kjøpt. Det var ei mark av og til. Men sirup kjøpte dei alltid upp i ei spann. So når me ungane skulle få noke godt, so var det ei varm potetkake med rjome og sirup på.
Det var ikkje kvar dag dei gjekk på butikken. Det var for 3 øre i gjær når dei baka brød. Av og til ei mark kaffi. Den kosta 60 øre, so det var luksus. Bestemor brukte kornkaffi. Det var brend bygg. Eller potetkaffi. Då knøda ho mjøl i poteter, baka ut, sprøsteikte og braut det sundt og brende det. Brukte dei kaffi, var det alltid med noko tilsetning. Eg veit ikkje kva det var, men iallfall syntest me det både lukta og smaka lite godt.
Morgonmaten var kaffi og potetkake med smør og brødgraut. Brødgrauten var kokt av saup. Det var kokt so lenge at det vart brunt, og tulla utpå heimemjøl, so den smaka nokso surt. Når det var utearbeid, var det og “me-morgå-mat” kl. ½ 9. Det var oftast sprengd mjølk og kake, kanskje uppattvarma graut frå kvelden før. Til middag var det fisk og poteter, suppe av heimemjøl med skyr i. Det var sjeldan det var noko byte på maten. Det kunne vere seinhaustes det var lite fisk. Då kunne det vere potetball eller eit fleskestykke kokt nedpå poteta. Til non um sumaren var det alltid skyrsoppe. I 4-tida måtte me ungane inn og bryte soppe.
Det var to brødleiver åt karane, ein og ein halv åt kvinnfolka og ein leiv og nedover åt ungane, etter som dei var store til. Hadde me vore ekstra flinke, fekk me kanskje ei rjomeskei eller litt sirup på. Dei bruka stundom soppe um vinteren òg, men då var det varm, sprengd mjølk på brødet. Ellest var det ofte turrmat til non um vinteren. Det kunne vere smør, kjøt eller steikt flesk attåt flatbrød og kalde poteter eller brødgrautbite. Til kvelds var det graut av heimemjøl med skyr attåt. Laurdagskveldane oftast potetball. I fiskja var det alltid fisk laurdagskveldane. I fiskja åt me mykje torskehaud. Når bestemor koka kams, var det alltid kamsehaud.
Dei opna kjeften på haudet og la kamsen inni og kokte det so. Det smaka godt. Det brukte òg torskemagar. Saltbitne med smør og brød og mjølkesupe til. Det var helgakveldane me fekk det.
Sumartida, millom vinnene, var det vanleg at skyldfolk vitja kvarandre. Då var det rjomegraut til middag. Ellest lefse, svele, vafle og ekstra potetkake laga av skalabyggmjøl. Noko slikt som småkake eller formkake bruka dei ikkje fyrst eg hugsar. Dei kjøpte småbrød (kavring og kringle) til høgtidene.
Mor var av dei som gjerne tok etter det som var nytt. So der heime vart det forandring etter kvart, både i mat og klede. Me fekk høns og soleis rikeleg med egg. Det gjorde sitt til at kosthaldet vart betre. Mor var flink å stelle både dyra og avdråtten. So me hadde rikeleg med mjølk og godt smør. Um sumaren, når det var rikeleg med mjølk, la me ned smør i trebutt. Me hadde litt smørlake og tett lok over og sette det myrkt og kaldt. Då heldt det seg godt, so me hadde det å ta til når det trongdest. Eg kan ikkje hugse at me kjøpte margarin heime.
Det fyrste dei begynde å kjøpe var kveitemjøl, nokre små lerreftsposa, kanskje 5 kg. Der stod ”Gold Medal” utanpå, var vel amerikansk. Ellest var det heimemjøl det gjekk på og noko siktamjøl til kake. Det var lenge før nokon kjøpte heile kveitemjølsekke.
Besteforeldra til Ingeborg: Andrine (1847-1931) og Arne Olsen Ytreflø (1847-1937).
Klæda
Det var omtrent berre heimevirka klæde. Konene hadde ein kjøpekjole. Det var vel oftast brudekjolen deira. Den hadde dei eldre til kyrkjekjole, som dei sa, heile si tid. Ellest var det heimevove, mest blå og svarte, men det kunne òg vere andre fargar. Ho Tolles-Johanne hadde ein skarp grøn som ho alltid brukte på kvinneforeining og møte. Utanpåplagg brukte dei lite. Dei fleste hadde ei kåpe, men den var ikkje bruka so mykje. Bestemor hadde ei halvlang kåpe som ho hadde sytt for hand til ho gifte seg.
Til vanleg hadde dei eit strikka hals-plagg. Det var trekanta med snippa nedover ryggen, endane i kryss over brystet. Dei hadde gjerne eit kjøpt til bestebruk. Ellest var dei heimespyta. So bar dei eit samanlagt storplagg på armen, som dei hadde over hovud og skuldre hvis det trongdest. Gjentone hadde ofte litt lette storplagg, ruta i pene farga. Dei slengde dei ofte over skuldrane når dei gjekk etter vegen. Me ungane syntest dei var svært fine. Me borna hadde òg heimevovne kjolar – raude, grøne og blå. Ofte pynta med fløyelsband nede på skjørtet og ellest.
So begynde mor å sende ull og fekk upparbeidt til stoff. Då fekk me litt finare kjolar. Eg hugsar nokre blå, som eit sjeviot. Noko dresstoff fekk me òg laga. Då fekk me største gjentene kåpe, det var i 1910 eller 1911. Far fekk òg dress av same stoffet. Då kom Roppe-Oluffa på huset og sydde, både åt kar og kvende. Far henta ho med hest og kjerre. Ho var vanfør og brukte krykkje. Då hadde ho med trømaskin og dampstrykejarn. Det var kjekt når ho var i huset. Me fekk mykje kluta åt dokkene, ho hjelpte oss òg med dokkeklæde. Ho var so snill med borna.
Kyrkjegonge
Ingeborg og systrene Signe (bak) og
Åsta (sitjande).
Det var vanleg at alle som kunne gjekk til kyrkje preikedagane. Kanskje var det ein vane, men det var no ein god vane. Nokon av kvinnfolka måtte vere heime, det skulle stellast mat både til folk og fe. Men mannfolka gjekk, serleg dei eldre var trufaste. Det måtte iallfall vere dårleg både med vêr og føre hvis bestefar var heime ein preikesundag. Då han vart eldre, sa far til han ofte: ”Du kan no ta hesten og køyre.” Men då meinte han so til: ”Skal eg drage på hesten sundag òg, eg tekst no med han heile vika.” Far hadde begynt å sykle då. Hest og kjerre vart oftast bruka når kona i huset skulle avstad, og sjølvsagt når det var barnedåp, konfirmasjon og noko ekstra. Ungdomane og dei største ungane gjekk. Me gjekk heimanfrå kl. 9 og kom ikkje utatt før kl. ½ 4. So me var godt svoltne. Det var ikkje vanleg å ha med mat.
Me som hadde lengste vegane, var oftast dei fyrste i kyrkja. Det var godt å få kome inn og sitje etter å ha gått ei mil. Han Nils i Vågå gjekk so andektig ikring og hengde upp salmenummer og gjorde alt klart til gudstjenesta.
So begynde folket å kome. Fyrst dei som var i utkantå. Ho Pålina Ertesvåg med svart kjole og fløyelsbelte og storplagget på armen. Ho kom alltid inn sidedøra og sat i stolen framfor midtgangen. Dei fleste hadde sine visse plassar. Me sat i Flø-stolane. Det var tvo av dei. Kvinnfolka på vinstre hand og mannfolk på høgre. Du såg aldri at kar og kvende sat om einannan slik som no. Dei frå Vik sat lengst framme. Eg synest eg ser dei for meg. Ho Anna uppi Krikja i blå alpakkakjole med mykje rukke på stakken bak og tydeleg knirk i skorne. Ho hadde alltid med Gudrun, døtra. Ho var lubba og hjulbeint med same slags kjole som mora, men med kvit hekla krage på, og um sumaren hatt med vid beit og fløyelsband rundt pullen som hang ned bak. So kom Kristina Bønå. Stor og staut, rak som ein general, raudmussa med stor nase. Ho hadde svart kjole og alltid Nansy, døtra, på slæp. Sidan den eine etter den andre, men det er sume som sit betre i minnet, kanskje av di dei var der jamt.
So hadde me dei som var litt fine og gjekk i hatt. Det var ho Petra Bø, ho Bjørndals-Anna, fru Hop, Anna Svendsen, Lovise Aarset, Spjutøy-Anna og Marie Bruset. Desse hugsar eg berre i hatt. Men same hatten år etter år. So begynte fleire å gå i hatt. Me syntest rett og slett dei var rare. Ho Marie Wiik, Ingeborg Strand, Gurina Alme, Nikoline Roppen og sidan fleire og fleire.
På mannfolksida hugsar eg best Petter Bø. Han kom på krykkje og hadde alltid litt plunder med å få upp og att stoldøra. Olav Wiik gjekk òg på krykkje. Føterne hans hang heilt livlause, men han svinga seg so lett. Det var vel avdi han var yngre. Ein annan eg hugsar godt, var Johan Ottesen. Han hadde parykk, raudbrune, og ein krans av grått hår nedanfor. So var det Andrias Solaberget med langt, heilt kvitt, skjegg. Han Martinius Osnes som alltid såg ut som han flirte. Han Kleiva-Karl, stor og staut, med svært store føter. Han Gjære-Johan med kryl på ryggen og mange, mange fleire. Kyrkja var som vanleg heilt full, so mange ofte, at ikkje alle fekk site, men måtte byte på å stå. Men dei var so regel hensynsfulle med oss som hadde langt å gå, at me fekk site.
Gudstenesta varde lenge då, so eg veit no ikkje um me ungane fylgde so nøye med, men noke sit vel att. For eg hugsar alltid best liturgien på riksmål, og det vart iallfall innført landsmål før eg var koma i konfirmasjonsalderen. Der var ikkje orgel i kyrkja. Andrias Botn stod på galleriet og leidde songen. Olaus Alme var klokkar. Fyrste presten eg hugsar, var Nyhagen, so kom Nils Vik, han var det dei kallar ”litt turr”. Ikkje kunne han messe, det lika ikkje folket so godt. Han hadde vore misjonsprest. Det fortelst at ein original som heitte Johans Nevstad møtte mor til presten eingong ho var der på besøk. So segjer Johans: ”Han kan’kje synge, denna presten.” ”Nei, stakar,” svara ho, ”han misste stemma si på Misjonsmarka.” ”Han kan’kje preike heller,” svara Johans kontant, so snudde han og gjekk.
Etter Vik kom Jon Hoem. Han var det som konfirmerte meg. Han leid av sanktveitsdans, so det kunne vere nokso travelt å høyre på han. Han var flink å preike trur eg, men ein sat liksom og venta på at han skulle få dissa rykkingane i kroppen. So skulle han bruke landsmål, men det var han ikkje noke flink til. Han var i Ulstein lenge. Heilt til 1927. Då kom Holmås. Det var det året eg flytte til Runde. So seinare har det vorte framandt for meg.
Når preika var slutt, var det alltid einkvan å helsa på før me tok på heimvegen. Karane høyrde på kunn-gjeringane som vart lesne upp. Det var Petter Bøe som gjorde det. Han stod på kyrkjegardsmuren (ikkje veit eg kor han kom seg opp og ned på krykkjå). Den tida var det ikkje vanleg at prestane var tilstades i gravferdå. Når det då var komne til nokre nye grave, vart det tillyst jordpåkast-else. Det var straks etter preika, og då var dei pårørande til stades og ellest andre av slekt og vener.
Vegen heim kunne ofte tykkjest lang, men me var jamnast i godt lag. Ut på ”trollet” ut i Stranda var viss kvilestad. Det kunne ofte verte mange der. Det vart etter kvart laga til sessar so me sat på. Det var berre ein som aldri syntest det var nødvendigt å site. Det var bestefar. Han berre stydde seg attåt ein stein. Den steinen vart kalla Arne-steinen. No er vegen umlagd, so det er vel vekk både Arne-steinen og trollbakken. Når nokon sat og andre kom til, vart det alltid helsa med ”sit i fred.” Likeeins um dei gjekk framum nokon som stod eller gjekk, vart det alltid sagt ”stå i fred” eller ”gå i fred.”
Når ein då kom heim, vart det alltid sagt ”velkomne frå kyrkje”. Sjølvsagt vart det spurt etter nytt, kva born som var døypte og kven som var fadder. Um det var lyst for nokon, kor
preika var, kven som var med kyrkje, dei som var unge, kanskje um kva den eller den ha på. Det var med kyrkja ein fann folket i sokna. Alle kjende alle, dei møttest der, lærde kvarandre å kjenne og tok del med kvarandre både i sorg og glede.
Bestefar og far var ofte nord til Hareidskyrkja òg. Far sykla. Men bestefar gjekk over fjellet. Det var um sumaren når vêret var godt. Då drog han av seg, knytte ihop skoføta og tok dei over herda. Onkel Knut budde på Hareid. Men han måtte vere streng med han for å få han inn, so han fekk mat før han tok på heimveg. Han gjekk over fjellet til Hareid etter han var 80 år. Onkel ville ha han til å overnatte, men det var ikkje råd. Han gjekk begge vegane same dagen.
Ingeborg og systrene Signe (bak) og
Åsta (sitjande).
Åsta og Ingeborg.
Ingeborg og Einar gifte seg i 1927.
I fiskja
Trulovingsbilde av Oluffa og Arne Flø. Dette var foreldra til Ingeborg, Oluffa (1871-1967) og Olaf (1872-1933) Flø (Ytreflø).
Når jula var forbi, tok sildefisket til. Då låg båtane burte heile vika. Hvis det ikkje var sjøvêr, gjekk dei inn på Fosnavågen eller til Ålesund, so dei kom ikkje heim før til helga. Då hadde dei med sild som me flekkte og hengde upp til turrsild. Kanskje òg ein sei eller tvo til matfisk.
I sildefiskja var det liksom ferie for kvinnfolka. Då slapp dei å ha fiske-vegn i stova, so dei kunne ha litt betre orden. Då gjekk dei til kvarandre, hadde med spøtet, drakk kaffi og kosa seg i lag. Det var ikkje so lenge dei dreiv etter silda. Dei hadde små båtar og var avhengig av godt vêr.
Når det leid over kyndelsmess, gjorde dei seg klar til torskefiskja. Det var det fiskeriet dei sette si von til. Lynge-Marta hermde etter ein gamal fiskar: ”Det er ikkje velsigning i andre penge enn dei ein fær for torsken.” Torskefisket skapte liv og røre. Då var heile folket i arbeid. Kvinnfolka med å verke fisken, ungane bar mat, trædde haud og ikkje å forgløyme – slong inn med sjønå heile dagane, so sant dei var fri skulen.
Det kom motorbåtar etter kvart. “Von” var den fyrste i 1911. Det var far, Henrik og Bernhard som hadde den, med far som skipper. Bestefar var med eit par år. Han syntest det var fælt å vente medan dei fyrte upp. Han tykte dei kunne ha nokre åra, so pass dei kom seg utum moljen.
So kom fleire motorbåta etter kvart. Eljas-karane med “Ørn”. Sverkje-karane med “Reidar”, Pål-Knut-gutane med “Snøgg”, Klungsøyr m.fl. med “Bjørn”, noke seinare “Napp”. Karane syntest dei hadde det storveges. Dei fekk koke kaffi og ete under dekk. I den fyrste tida var det ikkje rorhus. So styrmannen hadde det nok ofte surt. Samanlikna med no var det ikkje rare greierne, men dei slapp å ro. Var fisket godt, var dei i godt humør.
Når det leid ut på etter- middagen, begynde me ungane å sjå etter båtå. Me kjende dei på lang avstand. So var det å bykse avstad. Kvar passa på sine. Stod nedpå molje-hauda og ropte når dei kom inn løpet: ”Skal me gå ette øykjå?”
Var det lite fisk, bar dei det fram i naustet. Men var det nokre hundrad, brukte dei hest. Fyrst eg hugsar verka dei ikkje fisken før dagen etter. Då var det kjerringane og gamlekara og der som det var vaksne gjente heime, som hadde det arbeidet medan karane var på sjøen.
Seinare vart dei meir nøgne på kvaliteten, då skulle fisken stellast same kvelden. Då var det vanskeleg for kjerringane å vera med. Då begynde dei å leige verkarar. Det var som regel tre stykkje på kvart båtlag. Då møtte dei upp når båtane kom, og arbeidde utover kvelden, ofte utover natta òg, hvis det var godt fiske. Eg var med frå eg var konfirmert, når eg var heime. Borghild uti gara, syster mi, Signe, og eg verka i Von-naustet i mange år.
Det var ikkje alltid so triveleg. Verst var det når det var so kaldt at fisken fraus. Men me arbeidde godt ilag, so det gjekk fort unna. Borghild kappa haud, Signe sprette og eg flekte. Til å skylje fisken i hadde me store trestampar som me fyllte med sjø og bar i bytte. Me var glade når det var flod, so me slapp å gå langt ut. Men me måtte gå so langt at sjøen var rein, det måtte ikkje vere sand i. So skulle fisken leggast i lad og saltast. Det måtte gjerast nøye. Fisken skulle leggast flatt og fint, og alle bukane rettast ut, ellest vart fisken skrukkut.
So skulle rogna saltast, levra berast på brenneriet, sloget utberast og lagt i dunge, godt undan naustet. Det vart seinare køyrt heim og bruka til gjødsel. Til slutt skulle naustet gjerast godt reint. Me bar sjø, skura og skylde. Hvis det var so mykje fisk at me ikkje vart ferdige, let me saltinga vera, kanskje òg flekkinga, men i alle høve måtte me sprette og skylje og ta alt det andre neste dag. Me arbeidde ofte til både 1 og 2 um natta, men då var me bra slitne.
Me fekk inn mat før folket la seg. Då var det å skylje av fingrane i sjø, kolve ei kasse å site på og ei å legge maten på. Det var heile bord-dekkinga. Me fekk sovisst ikkje vere kræsne. Løna var ikkje stor. 30 kr. for 1000 fisk. So me hadde altso kvar sin 10 kr. når me hadde fått nemde kvantum i salt. Verst var det hvis det var mykje sei lag med. Den skulle fyrst rekslast, so skulle den flekkast som ”råskjer” og hengast. Seien var i det heile tyngre å arbeide med.
Men me hadde det ofte morosamt. Var vêret godt, slo me upp begge naustdørene so sola skein inn. Alltid var det nokon som såg innum. Me gjekk til kvarandre i matpausa, serleg då hvis me arbeidde med dagå. So fylgde me med kven som vart fyrst ferdig. Det vart sagt at ingen hadde sett ein torsk med haud på i Von-naustet. Borghild kappa so fort dei kom inn døra. Ho stod med eine foten i ein stamp. La torskenakken på kanten og vreid av. Ho var so lita. Ho stod mest bein, og snedda var ho å få det unna.
Me vart svært sårfingra, so når me kom heim, vaska me fingrane godt og smurde dei inn med tran. Eg hugsa at bestefar alltid smurde inn hendene med livrefeitt når me hadde havt fisk og livr til kvelds. Men me måtte ha på hanskar um natta, so me ikkje flidde ut sengklæda.
Ja, det var ei travel tid, både for dei som var på sjøen og dei som var heime. Ikkje minst for husmora, som skulle syte for mat åt alle, og til ymse tider av døgnet.
Laurdagane skulle karane ha mat inn åt sjønå. Som oftast skulle dei stelle med garn. Var det mykje fisk, måtte eit par mann hjelpe til i naustet. For alt måtte i salt til helga. Med kvar båt var det oftast ein tvogarnsmann. Han hadde tvo garn i kvar setning. Fiskane hans var merka med eit risp i hauda. Når me verka, måtte me passe på. Då hogg me eit stykke av sporen, so han fann dei att når me skulle vaske ut. Det var jamnast nykonfirmerte gutunga som var tvogarnsmenn. Dei slapp å betale verkarløn. Dei betalte visst ikkje i oljen på båten heller. Men når fiskjå var slutt, skulle dei byde både båtlaget og verkarane i ferdalag, dei kalla. Stundom serverte dei då rjomegraut, eller det kunne vere kaffi og brødmat. I alle høve var det gildt å kome saman etter vel utført arbeid og minnast ymse morosamt som hadde vore gjennom vinteren.
Fiskja var oftast slutt til påske. Det var sjeldan dei ”sette utatt” etter helga. Då var det å begynne å vaske ut fisken og få han på mòla til turk. Det var ofte eit kalfniske arbeid. Me brukte å vaske i naustet. Men mange stod ute og vaska. Me hadde ein færing som me bar full av sjø. So talde me oppi 200 fisk. Når dei var vaska, var det ny sjø og ny fisk. Båtlaget delte fisken millom seg til vasking og turking, men selde alt under eitt når den var ferdig. Det hende seg det var so mykje fisk at det vart for lite turkeplass. Då måtte ein anten vaske og turke i tvo gonger, eller so vaska me alt og hadde utover berre eine halvparten ein dag og hin halvparten neste dag.
So no vart det kvar dag når vêret var til det, å stelle med fisken. Legge den utover um morgenen og i hop att um kvelden. Lødde ihop i store, runde lad. Bar ei masse stein på til press og sveipte presenninga rundt. La runde flaka på toppen. Det var mor og far som lødde, for det måtte gjerast nøye. Me hine bar i hop. Medan fisken var rå, var den både tung og lite god å handtere, men etter kvart den turka, var den betre å stella med.
Det var mange som hadde turkeplass i fjørå vår. Tre bruk frå Indreflø og alle på Ytreflø. So det vart mykje folk samla. Me prata med kvarandre og hadde det kjekt. Når fisken begynde å verte turr, gjekk karane frå mòl til mòl, kjende på fisken og rådslo. Då sette me kvinnfolka oss ned og skravla. So det hadde sine ljose sider. So kom den dagen fisken var turr – ein gledesdag. Då la dei motorbåtane attåt moljen og køyrde fisken med hest. Kvinnfolka var umbord og ”platta” fisk, det vil segja, lødde den til. Fyrst fullt ned i romet, resten lødt på dekk og godt pakka. Som vanleg gjekk heile dagen med å få umbord fisken. So kvilde dei nokre timar.
I 4-tida um morgonen var dei uppe. Det var um å gjere å kome tidleg til byen – so dei kanskje fekk fisken unda fyrste dagen. Ofte gjekk det både tvo og tre dagar. Det var visa at kjerringane og største ungane var med når dei ”reiste med fiskja”. Der var nokre kroner då, so dei skulle handle. Det var òg vanleg at tenarane og ungane som hadde hjelpt til med fisken skulle ha fiskjegåve. Det var sjølvsagt noke nyttigt, klæplagg av eit eller anna. Kanskje eit perleband, kjøpt på ”15-øres-basaren”. Der var ein slik i Ålesund.
Trulovingsbilde av Oluffa og Arne Flø. Dette var foreldra til Ingeborg, Oluffa (1871-1967) og Olaf (1872-1933) Flø (Ytreflø).
Artikkelforfattar
Ingeborg Runde
Ingeborg Oline Flø (Ytreflø) (1902 – 1996) var fødd og oppvaksen i Byssgarden på Flø, dotter til Oluffa og Olav Flø. Ho gifte seg i 1927 med Einar P. Runde (1902-1989). Dei busette seg på Runde, der dei overtok farsgarden hans i 1933.
Levd liv 2011
Artikkelen er henta frå Levd liv 2011
Minneord Einar Grimstad
Biskopen og den herlege Oshaugen v/Frode Pilskog
Søster Lise v/Lars Inge Breivik
Jonsok-feiring i Ulsteinvik i 1950-åra v/Vigdis Grønmyr Mork
Martin Laurits Peder Olson Ulstein v/Idar Ulstein
Fløminne – del 1 v/Ingeborg Runde
Johan Osnes v/Ingvil Eilertsen Grimstad
Sundgot Bedehus v/Karl Kleven
Å vere barn under krigen v/Agnar Dag Ulstein
Otto Strand v/Liv Strand Hareide
Minne om ein robåt v/Sigurd Håkonsholm
Fjellgarden Løset v/Ottar Kaldhol
Revefarmar i Ulstein v/Hans Otto Skeide
Nesje-Ælina i Eiksund v/Magne Grimstad
Krigsminne v/Knut Garnes
Einar Spjutøy v/Magne Grimstad
Hans Emmanuel Agustinusson Wigg v/Aud Marit Wigg
Om noko i artikkelen er feil eller du har tilleggsopplysningar eller aktuelle bilde, så er det fint om du melder til post@ulsteinhistorielag.no
Pluss-medlem
Medlemskap i Ulstein Historielag
Årleg utgåve av tidsskriftet Levd liv
Digital tilgong til alle artiklar
Vi brukar informasjonskapslar for optimalisering av brukaroppleving og marknadsføringsformål. Les meir i vår Personvern