Frode Pilskog

4 treff

– Far fortalde at der frå nordsida av haugen, på flata, og bort til haugen låg ein hellegang. Der var laga ein ring med heller rundt. Han hadde blitt fortalt at det var ein holmgang. Den holmgangen brukte dei når desse store karane slost om kven som var mektigast. Og der slost dei heilt til den eine var fallen.

I siste halvdel av 1800-talet vart det gjennomført ei storstilt utbygging av samferdsla. Det vart bygt fyrstasjonar, sjømerke, hamner, vegar, jarnbaner og telegrafliner over heile landet. Med fyr, sjømerke og hamner kunne ein opprette faste dampskipsruter og ferjer. Den auka kommunikasjonen var med på å knyte folk tettare saman. Bokstavleg tala opplevde folk langs kysten ei ny opplysingstid.

Lyssettinga av kysten vart mangedobla etter at ein ny type oljebrennar vart teken i bruk på slutten av 1880-talet. Den nye oljebrennaren kunne lyse i ei veke utan tilsyn. Oljebrennaren vart sett på eit stativ inne i ei fyrlykt av støypejarn. Rundt brennaren kunne ein setje opp ein rotør. Rotøren gjorde det mogleg å skape formørkingar. Elles hadde ein utstyr til å lage blink eller la det vere eit fast lys. Med lys, blink eller formørking kunne fyrlyktene få sin eigen karakter. Dette gjorde det lettare for sjøfarande å skilje dei frå kvarandre. Karakterane til alle fyr og fyrlykter er merka på sjøkart.

Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.

På byrjinga av 1800-talet kom posten sjøvegen frå Borgund til Brandal. Hjå futen Landmark vart posten sortert og rodd til Hareid. Postbodet gjekk eller reid frå Hareid til Skeide på ein veg som knappast kunne kallast ein gang- eller rideveg. Frå Skeide gjekk posten vidare til prost Buschmann i Dimnasund, eller frå 1815 via sorenskrivar Staboe på Håkonsholmen. Sørgåande post gjekk sjøvegen frå Osnes til Ekset i Volda.