Levd liv 2008

12 treff

Borghild Hatlemark var jordmor i Ulstein kommune i 40 år, i tidsromet 1916-1956. Ho var ei kvinne med stort engasjement på mange område, m.a. var ho aktivt med i helselag, husmorlag, misjonsarbeid og politikk.

Ein sentral person i kulturlivet i Ulstein

Foreldra til Enok var Syvert Karlson Myklebust og Ingeborg Petersdotter Skeide.

I ei bok om Sunnmøre står det om Flø at der er gravhaugar frå vikingtida og at ein har utsyn mot Atlanterhavet. Der er nokre gode fiskeplassar, dessutan skal ein kunne gå ut på åkrane og plukke fisk som er kasta opp av sjøen.

Hans Berntson Osnes var fødd på garden «Gjerde» midt i sentrum av Ulsteinvik 19.06.1872 og døde 14.10.1958, 86 år gammal. Foreldra hans var Bernt Larson Osnes og Anne-Marta Johannesdotter Nesset i Hareid.

To unge menn dei gjekk og kika,
att og fram her i Ulsteinvika.
Det var tomt til verkstad dei leita etter
og det var brørne Thomas og Peter.

Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.

Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Geografisk er Spjutøy lokalisert nord for Dimnøya med Spjutøy­sundet som naturleg skilje mellom dei to øyane.

Sjølve namnet, Spjutøya, kjem truleg frå gammalnorsk spjot n. spjut. Øya er fyrst nemnd i eit skriv frå 1644.

Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.