Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Borna på garden var ein ressurs. Dei var med i onnene gjennom heile året – dei var arbeidsfolk. Våronna starta i første veka i april og heldt fram til 17. mai. Det var viktig at potetene var i jorda til då. Og dei fleste klarde det. Myronna, eller torvonna, var neste onn.

Denne gjekk føre seg til fjells. Det var far som skar torva, medan det var vi borna som trilla ho vekk frå det våte myrområdet, til tørking. Dei ulike gardane hadde teigar i fjellet. Vi hadde vår, og vår torvspading måtte gå føre seg der.

Torva måtte etter kvart husast. Dei var for våte til å gjere det rett etter spatlinga, så først var det altså ein viss tørkeprosess, gjerne i tørre skråningar. Torvene som blei husa var om lag 30-40 cm lange. Dette var helst eit typisk barnearbeid. Det var vinden som skulle sørge for tørkinga.