Denne artikkelen blei skriven av Knut J. Hasund i 1965.
Vi har valt å halde på den skrivemåten som han sjølv brukte då han skreiv dette.
Posten i Ulstein er no flytt inn i Fannemel sitt nybygde hus ved haldeplassen i Ulsteinvik. Det kan då vere grunn til å sjå litt attende på tilhøva for posten her i Ulstein i farne tider. Det høver og sa at det no er om lag 150 år sidan her vart postopneri i Ulstein, og eg skal freista å gjeva eit lite attersyn over tilhøva for posten i desse farne åra. Der er mykje som hev endra seg i denne tida frå at posten kom og gikk til og frå Ulstein ein gong for veka, ikkje eit visst klokkeslett eller ein viss dag. Det laut vera etter som det høvde med vera. No kjem posten ei viss tid kvar yrkedag og vert boren rundt kvar dag til mest alle som soknar til postopneriet i Ulsteinvik. Slik var det ikkje før. Her lever enno mange som hugsar at postopnaren tok med seg posten til kyrkja preikesundagane. Etter preika steig han oppå ein stein ved innste kykjegardsporten og las opp posten så folket som stod kringom fekk med seg posten heimatt.
Dette stoffet er henta frå heftet “Ymse nedteikningar av Knut J. Hasund”, samla av dottera, Asbjørg Hasund Grønmyr. Artikkelen er den andre frå dette heftet.
Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.