Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.

Eg vil her stutt fortelje noko av det eg veit, eller har høyrt fortalt. Somt er vel kjent frå før, men neppe alt.

Folk var redde trolldom med buskapen, så dei måtte passe godt på å halde den vekk. Den beste rådgjerda mot det var kors, tjøre og stål. På fjøsdøra skar dei inn ein kors og passa godt på å smørje den med tjøre. Det var svært viktig å ha det i orden til jul, for då var trolldomen helst ute og for.

Ein annan ting som var viktig, var å ha stål i mjølkebytta fyrste gongen ein mjølka ei ku etter ho hadde kalva. Far min, (Johan K. Hasund) fortalde at ho Inga Hasund stakk alltid ei stoppenål i byttelogga fyrste gongen ho mjølka ei ku etter ho hadde kalva. Hadde dei ikkje stål i bytta, kunne det lett kome trolldom over kua.