Levd liv 2008

12 treff

Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.

Hausten er ei travel onn, men i arbeidet har dei sett fram til denne høgtida. Under truskinga har dei lagt frå kornbandet og funne fin, rein halm til sengene. Dei har spunne og vove, alle skal få seg eit nytt kleplagg til jul. Spikekjøtet som dei hengde opp var av dei finaste sauene og geitene. Dei har gøymt på eple frå trea i hagen, og plukka neter i Alsstranda.

Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Hans Berntson Osnes var fødd på garden “Gjerde” midt i sentrum av Ulsteinvik 19.06.1872 og døde 14.10.1958, 86 år gammal. Foreldra hans var Bernt Larson Osnes og Anne-Marta Johannesdotter Nesset i Hareid.

Borghild Hatlemark var jordmor i Ulstein kommune i 40 år, i tidsromet 1916-1956. Ho var ei kvinne med stort engasjement på mange område, m.a. var ho aktivt med i helselag, husmorlag, misjonsarbeid og politikk.

Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.

Ein sentral person i kulturlivet i Ulstein

Foreldra til Enok var Syvert Karlson Myklebust og Ingeborg Petersdotter Skeide.

Det eg hugsar, som første barneminne, er nyttårsnatt i 1900. Eg var då vel 4 år. Vi hadde fylgt med til kyrkje, som var pynta med grankvister og masse lys. Vi var på galleriet. Heile kanten var grankvister med lys innimellom. Far leia sangkor, han var forsanger i kyrkja, før der kom orgel, i mange år frametter. Mor døde frå oss 5 barna 24/9-1900. Bjarne 4-5 månader berre.

Geografisk er Spjutøy lokalisert nord for Dimnøya med Spjutøy­sundet som naturleg skilje mellom dei to øyane.

Sjølve namnet, Spjutøya, kjem truleg frå gammalnorsk spjot n. spjut. Øya er fyrst nemnd i eit skriv frå 1644.

I 1931 gjorde Hans B. Osnes opptaket til ein eittårig “millomskule” i Ulstein kommune. Han var også lærar første året saman med Nils Kolås frå Ørsta. Dei første elevane var Bjarne Alme, Nils Grønmyr, Harald Eiken og Fridtjof Teigene frå Hareid. Ved avslutning av eksamen fekk dei karakterane sine trykte i Vikebladet. Det var lite likt.

To unge menn dei gjekk og kika,
att og fram her i Ulsteinvika.
Det var tomt til verkstad dei leita etter
og det var brørne Thomas og Peter.

I ei bok om Sunnmøre står det om Flø at der er gravhaugar frå vikingtida og at ein har utsyn mot Atlanterhavet. Der er nokre gode fiskeplassar, dessutan skal ein kunne gå ut på åkrane og plukke fisk som er kasta opp av sjøen.