Knut Ertesvåg, som var lærar, beordra oss ned i skulekjelleren, og der måtte vi stille oss opp i rekke attmed øvste veggen. Der stod vi redde og skjelvande til det meste av flytrafikken hadde stilna av.
Men flya hadde nok større oppgåver enn vesle Haddalbygda, så det vart ikkje spandert bomber på oss, heldigvis.
Eg kan også hugse at Sverre Løset mellom mange andre vart innkalla og måtte reise. Han var med i harde trefningar med tyskarane i Gudbrandsdalen.
Det var ein solblank dag. Eg hugsa at far heldt på å pløgje opp ein åker med hest og plog. Vi hadde ikkje traktor på den tida.Då kom det brått eit tysk fly og gjorde ein stor sving. Det peila seg inn på nokre dampfiskebåtar som låg gøymde ut i Kleiva, der Kleven mek verksted held til i dag. Der var ikkje nokon verkstad på den tida. Plutseleg høyrde vi ein skrikande og uhyggeleg lyd i det flyet sleppte bombelasten og skaut med mitraljøser.
Far ropte til meg at eg skulle legge meg ned attmed ein steingard. Far gikk inn under magen på hesten for å søke ly. Bombelasten gjekk i ein stor boge og datt ned i ei myr ut på Kleiva. Båtane vart ikkje trefte, men huset til Kleiva-Lars fekk hard medfart av lufttrykket.
Mellom anna vart glasrutene knuste og gangdøra innslega. Nokre dager seinare var der eit fly som sleppte bomber mot nokre dampfiskebåtar som låg gøymde nord om Håheim, men heller ikkje desse bombene trefte målet.
Den tyske overmakta vart for stor, og dei norske soldatane som hadde lite å forsvare seg med, måtte berre gi opp. Så kom tyskarane også hit ut til kysten. Dei første tyskarane som kom hit til Ulstein trur eg var den garnisonen som okkuperte Dragsundbrua etter at sør-Noreg hadde kapitulert. Brua var skinnegåande og vart driven med elektrisk kraft.
Ho var til vanleg opa for båttrafikk. Når det så kom folk, eller ein sjeldan gong bilar, som måtte over brua, måtte ein gje signal med ei stor malmklokke som var hengt opp i eit klokketårn.