Gjerdegjengen

Midt i Ulsteinvik sentrum, rett ovanfor kyrkja, voks vi opp i Gjerdegjengen. Vi var ti jenter som utgjorde denne klanen: Heidi Andersen, Oddrun Osnes og Ingunn Ulfstein fødde i 1949, Liv Osnes, Britt Synnøve Larsen, Britt Brekke (som utvandra til Ålesund i 5. klasse) og underteikna fødde i 1948, og dei tre eldste: Inger Sylvi Grønmyr, Anne Johanne Vikebakk og Annlaug Osnes fødde i 1947.

I tillegg budde der mange gutar i same alder som vi både gjekk på skule og leika ilag med, men dei vart ikkje rekna som medlemer i Gjerdegjengen. Namnet tok vi fordi vi budde på eller kring garden Gjerde. Der residerte Hjørdis og Magnulf med bestemor Anna og dei fire borna Sverre, Jon, Oddrun, Magnar. Dei eigde dåtidas kulturhus for oss: den store gule løa som ligg der uforandra den dag i dag.