Olav Osnes vart fødd 10.07.1916 oppe i Gjerda i Ulsteinvik sentrum. Før krigen var han politikonstabel i Østerdalen og seinare i Volda. I årets utgåve av Levd Liv presenterer me dagbladnotata som Olav Osnes skreiv ned under felttoget i Gudbrandsdalen i aprildagane i 1940. Brorsonen til Olav Osnes, John Osnes, fekk kopi av desse notata for mange år sidan, og meiner det er naturleg at dei blir publiserte i samband med krigsjubileet. Under krigen var Olav Osnes saman med resten av familien sentral i arbeidet med Englandsfarten og i militært motstandsarbeid. Han vart arrestert av Gestapo i desember 1941 og sat på Vollan kretsfengsel i Trondheim til mai 1942. Seinare vart han arrestert på nytt av Gestapo i juni 1944, men vart sett fri etter ein månad. Særleg under siste arrestasjonen var han sterkt torturert, og han mista jobben i politiet. Olav Osnes organiserte i 1944 og 1945 Heimestyrkane på Ytre Søre Sunnmøre. Meir om både Englandsfarten og Heimestyrkane kan ein lese i Ragnar Ulstein si bok
“Lagunen og Stormen. Ulstein-Bygd i Europa 1940-1945”. Etter krigen fekk Olav Osnes si lengste arbeidstid som lensmann i Vanylven. Olav Osnes døydde for nokre år sidan, over 90 år gamal.
I Ragnar Ulstein si bok “Lagunen og stormen, Ulstein – bygd i Europa 1940-1945 skriv han mellom anna:
“Kampen mot englandsfarten var ei prioritert sak for Gestapomenn langs vestlandskysten.
Denne forteljinga om foreldra mine, Nelly og Bernt Dimmen, kan vere ei påminning om kor tilfeldig våre livsløp kan bli. Den kan også fortelje noko om kor avgjerande vala våre i unge år kan vere for ettertida.
Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.
TV serien ”Kampen om tungtvatnet” gjorde at den nære fortida kom oss rimeleg nær. Vemork-stasjonen vart øydelagt natt til 28. februar 1943. Tre veker etterpå var her lokal dramatikk; ”Dragsundraidet”, som det vart kalla av tyskarane, skjedde 23. mars 1943:
Den siste verdskrigen fekk store konsekvensar for mange, slik også for to brør frå Børselv i Finnmark og to systre frå Jørngarden på Ulstein.
Denne artikkelen stod på trykk i Vikebladet 18. mars 2000.
Denne sumaren i 1941 var det stor trafikk over Nordsjøen til Shetland her frå distriktet. På folkemunne vart Ålesund kalla for vesle London. Tyskarane raste, og ved hjelp av Rinnanbanden vart mange arresterte og torturerte. Det vart også avsagt mange dødsdomar, men trafikken berre auka på. Som eit siste desperat forsøk på å få slutt på Englandsfarten, kom der ordre frå høgste hald at fedrane til dei som hadde rømt skulle arresterast. Utan forvarsel kom Gestapofolk også til Ulstein og tok med seg dei som dei fekk tak i. I Dimna tok dei Rasofiel Notanes og Kristian Vik. Men onkel Salamon, far til Bernt Dimmen, var tilfeldigvis ute og fiska, så han gjekk klar. Dei andre som vart arresterte frå Ulstein var: Julius Ulstein, Matheus Ulstein, Thomas Hatlø og Petter Osnes, far til Ewald. Saman med resten frå Sunnmøre, vart dei sende til Grini der dei sat eit års tid. Rasofiel Notanes fortalde meg etter krigen at dei fekk forholdsvis god behandling. Rasofiel kom på eit arbeidslag saman med fleire kjende personar som Francis Bull m.fl.
Asbjørn Flø kan fortelje at tyskarane kom til Flø i juni 1940 og reiste derifrå i juni 1941.
-Dei for like stilt som dei kom i grunnen. Med unntak av nokre få einskildepisodar, kom der ikkje til konfrontasjonar mellom dei tyske soldatane og Fløfolket. Vi hadde nok mindre med dei å gjere enn det til dømes Garnesfolket hadde.