Det er ikkje lett å skrive om Bård Larsen sitt virke i kulturlivet i Ulstein. Han var involvert i så mykje. Dersom ein skal yte Bård full rettferd, bør ein ha tilgang til langt meir dokumentasjon enn det eg har klart å skaffe. Hans tilknyting til Musikklaget Ulf er det bra kontroll på. Når det gjeld Firkløveret, Salongorkesteret, Ulstein og Hareid Fellesorkester og Ulstein mannskor veit ein mindre.
Olav Osnes vart fødd 10.07.1916 oppe i Gjerda i Ulsteinvik sentrum. Før krigen var han politikonstabel i Østerdalen og seinare i Volda. I årets utgåve av Levd Liv presenterer me dagbladnotata som Olav Osnes skreiv ned under felttoget i Gudbrandsdalen i aprildagane i 1940. Brorsonen til Olav Osnes, John Osnes, fekk kopi av desse notata for mange år sidan, og meiner det er naturleg at dei blir publiserte i samband med krigsjubileet. Under krigen var Olav Osnes saman med resten av familien sentral i arbeidet med Englandsfarten og i militært motstandsarbeid. Han vart arrestert av Gestapo i desember 1941 og sat på Vollan kretsfengsel i Trondheim til mai 1942. Seinare vart han arrestert på nytt av Gestapo i juni 1944, men vart sett fri etter ein månad. Særleg under siste arrestasjonen var han sterkt torturert, og han mista jobben i politiet. Olav Osnes organiserte i 1944 og 1945 Heimestyrkane på Ytre Søre Sunnmøre. Meir om både Englandsfarten og Heimestyrkane kan ein lese i Ragnar Ulstein si bok
“Lagunen og Stormen. Ulstein-Bygd i Europa 1940-1945”. Etter krigen fekk Olav Osnes si lengste arbeidstid som lensmann i Vanylven. Olav Osnes døydde for nokre år sidan, over 90 år gamal.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
Området mellom Osnes og Flø er rikt på fornminne. I hovudsak dreiar dette seg om gravminne, som kan daterast heilt tilbake til bronsealderen. Kulturlandskapet kan definerast som eit unikt kystlandskap, som vitnar om busetting i lange tider. Sommaren 2010 vart det sett i gang eit skjøtselsprosjekt på nokre av gravhaugane i samanheng med skilting av kulturminna. Målet med skjøtsel er å rydde kulturminna for mest mogeleg vegetasjon, søppel og andre ting som skjemmer kulturminna. Attgroing har blitt eit større problem etter at færre dyr beitar på markane. Samtidig kan beiting på kulturminna også gjere skade dersom kulturminnet er ustabilt eller i fare for å rase ut. Det er derfor viktig at ein arkeolog kan vurdere kor vidt kulturminne tåler ytre påverknader som for eksempel beiting.
Det norske postverket vart oppretta i 1647, i dag heiter det Posten Norge AS. Dei første 150 åra var postnettet nokså stormaska med få ruter og poststader. Ein oversikt frå 1800 viser 22 postkontor i Sør-Norge. Av desse var det eit kontor på Store Nørve (Ålesund) og eit i Molde i vårt område, dessutan Hellesylt og Ørskog. I 1814 var det 97 postopneri i landet. Når vi veit at 7 av dei (Hellesylt, Ørskog, Borgensund, Store Nørve/Ålesund, Ulstein, Kjeldsund og Volda) låg i vårt distrikt, så må ein kunne seie at Sunnmøre hadde ein forholdsmessig stor del av postopneria i landet.
Laurdag 16. april 2016 vart Ragnar Ulstein heidra med byste i heimbygda. Den 96 år gamle krigsveteranen, forfattaren og krigshistorikaren var audmjuk over å verte heidra på denne måten i Ulsteinvik. Men han var også sterk og klar på korleis vi må takle nye utfordringar som set fridomen på prøve.
Arbeidet med å få på plass eit gymnas på Ytre Søre Sunnmøre starta opp i byrjinga av 60-talet. Det var først og fremst dåverande skulesjef Otto Strand i Ulstein som verkeleg tok tak i denne saka og for alvor sette ho på dagsorden. Både Herøy, Ulstein, Vanylven og Hareid kommune hadde hatt realskule i mange år, men eit eige gymnas mangla på Ytre Søre. Elevar frå denne regionen måtte reise til Ålesund, Volda eller event. til Nordfjordeid for å gå på gymnas. Dette innebar for dei aller fleste at dei måtte bu på hybel, og såleis flytte ut av heimen ved 16 års alderen.