Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.

Ei slik lokal gruppe var Alice frå Ulsteinvik. Dette bandet nådde lenger enn mange andre, ikkje minst fordi medlemene var unge og ambisiøse – og satsa heilhjarta på å leve av musikken sin. Det klarte dei også, ei stund. Dei fekk sin store flokk tilhengarar lokalt, men oppnådde meir enn det. Plateinnspeling, deltaking i NM for rockeband, spelejobbar på Club 7 og elles over heile landet, høyrer med til denne historia.

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar. Han hadde mellom anna spelt ein kort periode i det lokale bandet Jordek Express. Ronny var trommeslagar. No fekk dei med seg vartdalingane Geir Arne Boska (gitar og song) og Eldar Vartdal (tangentinstrument) og ulsteiningen Bjørn Barstad (bass). Vartdal var berre 16 år og kombinerte spelinga i Alice med lærlingjobb på verftet i Ulsteinvik. Seinare vart medlemmer skifte ut, og nye kom med. Mellom desse var ålesundarane Reidar Blom og Bjørn Ivar Helgesen og bassisten Lars Reidar Lillestøl frå Hornindal. Gitaristen Rune Ertesvåg var på plass i Alice alt på nyåret 1979 då Boska reiste til Bergen. Rune var såleis med under NM i rock 1979 og under plateinnspelinga etterpå.