Hausten 1956 var ei dramatisk tid politisk sett. Sovjet Unionen gjekk inn i Ungarn og tok over styringa av landet. Dette førte til at mange frå Ungarn flykta. Også her til Ulstein kom flyktningar. Så vidt eg hugsar, gjekk dette svært bra. Dette var unge menn, og mange fekk seg arbeid på dei mekaniske verfta i Ulstein. Etter ei tid reiste dei frå bygda.
I Egypt starta uroa med at franske og engelske styrkar bomba byen Suez heilt i grus. Også delar av Port Said vart bomba. Egypts president Nasser svarte med å stenge Suezkanalen. Han senka skip i begge endar av kanalen. Båtane vart liggande i fleire månader. Av desse var to norske båtar, Eli Knutsen av Haugesund og Hektoria av Tønsberg.
For å hindre ein større krig oppretta FN ein internasjonal styrke, United Nations Emergency Force. Her deltok 10 land, mellom anna dei fire nordiske landa Sverige, Finland, Danmark og Noreg. Det siste som kom på plass, var eit norsk feltsjukehus og sanitetskompani. Det vart frå Brigade Sør, der eg var med, og var ansvarleg for våpen og ammunisjon med meir. Oppgåva vår var å ta seg av sjuke og skadde frå den store FN-kontingenten som no var i Egypt. Var det høve og kapasitet til det, kunne vi også gi hjelp til sivile.