I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.
Ragnar Leif Ulstein var fødd 19. april 1920 i Ulstein og døydde 3. desember 2019. Regjeringa æra Ulstein med gravferd på kostnad til staten. Ragnar var bondesonen frå Ulstein, og rekna seg sjølv som ulsteining heile livet sjølv om han budde mesteparten av livet sitt andre stadar
Sigmund Ulstein var fødd 30.07.1917 og døde 23.08.2001. Foreldra var Knut Ulstein og Petra Hasund Ulstein. Sigmund var eldst av sju sysken. Etter konfirmasjonen vart det fiske og gardsarbeid. Han byrja tidleg i Ulstein Mannskor og i Losje Tru. Begge laga var svært aktive både før, under og etter krigen med møtestad Ulsteinvik sentrum. Og sjølv om det var lang veg frå Ulstein der han budde til øvingar og møte, var Sigmund svært aktiv.