Før eg skal prøve å skrive noko om korleis Eiksundbygda opplevde krigsåra – trur eg at eg vil byrja med dagen før krigsutbrotet – nemlig den 8.april.

Me sat og høyrde på siste dagsnyttsendinga i radioen den kvelden. Den byrja med å fortelje at ein tysk lastebåt med namnet «Rio De Janeiro» var torpedert utanfor Jæren og at det var observert hestar og menneskje i militæruniform drivande i sjøen då båten gjekk ned. Det var tydeleg at båten var eit troppetransportskip, og første tanken som rasa gjennom hovudet var kva som var målet for transporten!

Eg sat saman med far den kvelden, og me vart fort samde om at det berre var to alternativ – England eller Noreg! – Og om målet var England – kvifor gjekk den då langs Norskekysten!

Det var med ein sterk følelse av uhygge me gjekk til sengs den kvelden, og eg trur ikkje det vart rare nattesomnen den natta.

Om morgonen var vi alle tidleg oppe for å få første dagsnyttsending, og den gjekk kort og godt ut på at Hitler-Tyskland hadde gått til åtak på Noreg og var i ferd med å innta dei tre største byane – Oslo, Bergen og Trondheim.