Peder Fritz Waage

1 treff

Denne sumaren i 1941 var det stor trafikk over Nordsjøen til Shetland her frå distriktet. På folkemunne vart Ålesund kalla for vesle London. Tyskarane raste, og ved hjelp av Rinnanbanden vart mange arresterte og torturerte. Det vart også avsagt mange dødsdomar, men trafikken berre auka på. Som eit siste desperat forsøk på å få slutt på Englandsfarten, kom der ordre frå høgste hald at fedrane til dei som hadde rømt skulle arresterast. Utan forvarsel kom Gestapofolk også til Ulstein og tok med seg dei som dei fekk tak i. I Dimna tok dei Rasofiel Notanes og Kristian Vik. Men onkel Salamon, far til Bernt Dimmen, var tilfeldigvis ute og fiska, så han gjekk klar. Dei andre som vart arresterte frå Ulstein var: Julius Ulstein, Matheus Ulstein, Thomas Hatlø og Petter Osnes, far til Ewald. Saman med resten frå Sunnmøre, vart dei sende til Grini der dei sat eit års tid. Rasofiel Notanes fortalde meg etter krigen at dei fekk forholdsvis god behandling. Rasofiel kom på eit arbeidslag saman med fleire kjende personar som Francis Bull m.fl.