Denne forteljinga om foreldra mine, Nelly og Bernt Dimmen, kan vere ei påminning om kor tilfeldig våre livsløp kan bli. Den kan også fortelje noko om kor avgjerande vala våre i unge år kan vere for ettertida.

I 1941, vel eitt år etter at krigen hadde starta her i landet, tok foreldra mine val med stor personleg risiko. Dei var begge tidleg i 20-årsalderen og kjende seg bokstaveleg talt fanga i sitt eige land, men dei hadde stort pågangsmot og ønskte å kome ut av den tvangstrøya dei var i. Dei ville ut av landet for å delta i krigen frå England slik mange andre ungdomar gjorde. Sjølve flukta vart dramatisk for dei begge. Far min, som var oppvaksen i Dimna, var blitt utkommandert til arbeidsteneste i Fosnavåg, der han skulle vere med på sildesalting. Mor mi, som var frå Værøy i Lofoten, hadde starta i sjukepleiarutdanning ved Gravdal sjukehus, men hadde praksis ved sjukeheimen på Reine. På denne tida kjende dei ikkje kvarandre. I mars 1941 flykta far min frå Fosnavåg. I desember same året flykta mor mi frå Reine. Dei møttest for første gong i julehelga 1942 i Glasgow.