Artikkelen baserer seg på eit hefte om Klubbeneset, skrive av Karl Kleven, utgitt i 2004. Kjeldene som blei brukte til dette heftet, er Bygdeboka for Ulstein og Hareid, gamle papir frå bestefaren hans, og eigne opplevingar.

Klubbeneset var opphaveleg ein plass under Kleiva, gard 27, bruk nr.1. Dette bruket var ått av kyrkja heilt fram til 1863. I dag bur Karl og Oddlaug (f. Dimmen) på bruket. Med visse kan ein seie at garden har vore i slekta heilt tilbake til 1613, og kanskje heilt tilbake til 1603. Garden er nok mykje eldre, men det finst ikkje skriftlege kjelder om det. Dessverre forsvann svært mykje av protokollar og andre verdfulle arkiv då prestegarden i Dimnasund brann ned til grunnen julafta 1832.

Ein kjenner til gravhaugar på Kleiva, og at det ved sprenging i området kom fram ei uopna grav. På Klubbeneset blei det funne ein såkalla heilag kvit stein. Det er også funne ei steinøks i eit nybrot ute mot bytet mot Gjerde.

Det er blitt fortalt at presten Claus Gaas hadde garden som avlsgard frå ca. 1659. Avlsgard er truleg det same som forsøksgard. Det går fram av eit brev frå Johan Haddal i 1939 at garden var utlagt som enkjesete for presteenkjene. I presten Madsen si tid blei garden selt til brukaren. Dette var i 1863.

Tippoldefaren til noverande brukar, Peder Erikson Kleiven var skulehaldar for heile Ulstein sokn frå 17. oktober 1795 til han slutta i april 1804.