Karsten Saunes (1907-1997) var ikkje berre ein meister å spele på «honn» i Musikklaget ULF og i Ulstein Salongorkester.

Han var også med og sang i bl.a. Ulstein Ungdomskor og Ulstein Mannskor og var ein av dei fremste Hødd-spelarane på 1920- og 1930-talet med over 200 registrerte A-kampar for Hødd.

Karsten var i alle år ULF, Koret og Hødd sin sjølvskrivne hus-diktar og gode deklamatør med prologar og dikt i skjemt og alvor, sist no ved 90-års-jubileet til ULF i 1983.

Karsten var ein av dei fire sønene til Hans J. Saunes, som alle har vore med å spela i ULF og spelt fotball på Hødd. Karsten har følgt ULF gjennom tjukt og tynt frå 1923 til han i 1973 måtte melde pass på grunn av plager med fingrane.

Han var oppflaska med hornmusikk heimanfrå med ein far som var med i UVF frå starten og dei to eldre brørne, Leif og Johannes, som førebilete. Sjølv då han var på moen i 1929 spelte han i militætmiusikken.

Tenorbasun var det instrumentet han likte best, og mang ein gong har korpset hausta stor fagning når det har framført eit nummer med Karsten som solist.

Herleiv Saunes