Johan Ottesen

1 treff

Det største reiarlaget i Ulstein tidleg på 1900-talet var det Johan Ottesen som stod bak. På det meste hadde han tre fiskedampskip. Men til liks med fleire andre båteigarar i Ulstein gjekk han konkurs i dei vanskelege åra etter første verdskrigen.

Ottesen var også engasjert i kulturarbeid. Han var første leiaren i totalfråhaldslaget då laget vart skipa i 1889. Han var særleg aktiv innafor song og musikk. Ottesen starta også eit blandakor i 1880. I ei årrekkje, før det kom orgel i kyrkja, var han forsongar der. Han var også politisk engasjert og var gjennom mange år leiar i Ulstein Venstre.