Johan Ottesen

3 treff

Møre korkfabrikk AS, eller i daglegtale berre Korken, vart skipa i 1937. Fabrikasjonen var ekspanderte korkplater og ekspandert granulert kork til isolering av alle slags husbygg, kjøleanlegg og fryseri.

Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.

Det største reiarlaget i Ulstein tidleg på 1900-talet var det Johan Ottesen som stod bak. På det meste hadde han tre fiskedampskip. Men til liks med fleire andre båteigarar i Ulstein gjekk han konkurs i dei vanskelege åra etter første verdskrigen.

Ottesen var også engasjert i kulturarbeid. Han var første leiaren i totalfråhaldslaget då laget vart skipa i 1889. Han var særleg aktiv innafor song og musikk. Ottesen starta også eit blandakor i 1880. I ei årrekkje, før det kom orgel i kyrkja, var han forsongar der. Han var også politisk engasjert og var gjennom mange år leiar i Ulstein Venstre.