Du bur på den nydelege Dimnøya og står opp frisk og oppglødd ein spesiell mandagsmorgon. Du er 19 år, du er forelska og no også så aldeles glad for å ha fått deg jobb. Du er spent, har nesten ikkje fått sove, kikar ut gjennom vindauga og ser at augustmorgonen er tørr og fin og at vinden ruskar ørlite fra sør. Du tenkjer at dette er ein fin dag å starte i ny jobb på, og du skal ikkje møte før kl.13 denne første arbeidsdagen.
Som lita jente var det alltid spennande å gå på oppdagingsferd på mørkeloftet. Der var det litt skummelt og mørkt, der var lavt under taket, og så var der verken trapp eller dør opp til denne staden med så mange underlege ting.