Det er berre få dagar igjen til jul, ser eg at far (Paulus Garshol) skriv den 19. desember 1943. Han er 20 år, og eg forstår at han kjenner seg så pass gammal at han tenkjer tida er inne til å skrive litt om korleis det var å feire jul då han var liten. Når han skriv ned tankane sine denne førjulsdagen, så har det nok også litt med at han opplever at Norge er med i 2. verdskrigen.
Eg vil tru at dei første rimeleg klare juleminna far har frå barndommen på Klubbeneset må vere frå rundt 1930. Juleførebuingane og julefeiringane ber naturleg preg av den krevande tida etter dei økonomiske nedgangstidene, men også med eit tydeleg oppbyggjeleg bakteppe.
Her er litt av det Paulus skriv om minna sine:
Flatbrød
Ei årviss hending var dagen med flatbrødbaking. Etter at butikken som bestefar (Karl Kleven) dreiv i kjellaren, gjekk med i dragsuget etter dei økonomiske nedgangstidene, så vart kjellaren omgjort til eit praktisk rom for mellom anna flatbrødbaking.
Og som liten gut gledde eg meg til bakstedagen då kjellaren fekk ein heilt spesiell atmosfære; sosialt fellesskap, baking, humor, varme – og ørlite julestemning i sikte.
Bestefar Karl og bestemor Oluffa hadde ei stødig hand om dette prosjektet. Eg hugsar også at nabokonene, Tine (Bertine) Våge, Kornelia Kleven og nokre gongar Pernille Breivik vart samla for å hjelpe til med bakinga. Dette var friske unge damer i 30-åra, blide og ikkje minst – med stor arbeidslyst og sterke armar.
Og damene vart plassert på den breie steinmuren som gjekk langs vindaugsveggen i kjellaren. For å dempe kulden vart det lagt nokre striesekker og gamle teppe på muren som damene fekk sitje på. I ettertid har eg innimellom tenkt at damene forhåpentlegvis hadde teke på seg nokre ekstra varme underklede før dei kom til denne kalde arbeidsplassen.
Bakinga føregjekk på eit langt bord som stod langs muren. Bestefar og bestemor som «eigde» prosjektet, hadde ordna seg med ei litt varmare plassering, og hadde andre oppgåver enn damene på murkanten. Bestemor sat på andre sida av bordet og hadde som oppgåve å dele opp deigen i nøyaktig like store emne til dei som baka. Karl hadde fleire oppgåver, mellom anna var det han som knødde/elta deigen og sikra at den hadde rett konsistens. Til dette brukte han ei av dei rimeleg store jerngrytene som stod i kjellaren, ja – for her skulle det bakast i store mengder!
Og varmt nok skulle det etter kvart verte, kanskje spesielt for bestefar? Han hadde valt å vere den som skulle steike flatbrødleivane, og sytte også for at der var nok ved og eld i baksteomnen. Så rimeleg varmt var det allereie i utgangspunktet på hans arbeidsplass.
Og eg tenkjer tilbake med eit aldri så lite smil, at då dei tre arbeidsglade damene begynt å bake, så klarte ikkje bestefar å steike unna fort nok. Han hadde nok betre kontroll dei gongane det berre var to bakstedamer å halde tritt med.
Eg ser føre meg kor oppkava og varm han vart etter kvart, rett nok til ei viss grad beherska, men her var gode råd dyre. Han prøvde seg på ein liten vri, og utan å snakke noko om det – så steikte han flatbrøda berre så vidt før han la dei til sides, for så å ta dei igjen og steike ferdig seinare. Eg såg at damene syntes dette var ganske morosamt, og det vart mykje lått og løgje undervegs. Etter nokre timar var det tid for matpause, og då vart alle bedne opp i kjøkkenet eller daglegstova for å få seg mat. Eg trur nok bestefar opplevde denne matykta som ei aldri så lita lette og pause frå dei ivrige damene.
Etter matykta var alle tilbake i kjellaren og heldt fram med baksten, og då kvelden kom, låg der fire store stablar med flatbrød, kvar med ei høgd på om lag ein meter.
Og så var det å bere flatbrødstablane ut av kjellaren, rundt huset og opp trappene til det kalde utloftet. Dette var for oss borna alltid spennande å fylgje med på, for her måtte ingen gå i vegen når den dyrebare og skjøre lasten skulle sikrast.