I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

Han skulle finne silda, han skulle dirigere kastinga av nota, og han skulle dirigere mannskapet når nota kom på sida av storebåten, slik  at kastet blei berga og silda kunne håvast om bord.

Etter at kraftblokka kom på midten av 1960-talet, var basen  også viktig. I dag blir alt styrt frå storebåten, og basen slik me kjenner han, er borte.  Skipperen styrer alt frå ringnotbåten og set ut nota når han ved hjelp av avanserte instrument finn stimane som er passelege å kaste på.

Før ekkoloddet blei teke i bruk, hadde basen eit blylodd i ei snor (messingtråd) til å leite seg fram til sildedottane. Strengen til dette loddet var sula opp på ei handsnelle. Den hadde standardmål slik at basen visste at om han snudde tre tørn, så var det ei famn. Strengen hadde også merke som fortalde basen kor djupt loddet var i sjøen. Dette blyloddet blei også brukt etter at dei fekk ekkolodd. Basane sleppte loddet inne på nota etter at silda var fanga. På den måten takserte dei kor mykje sild der var i nota. Nokre var uvanleg dyktige og treffsikre, og dette var spisskompetanse på øvste hylle.