Ei stund etter krigen vaks produksjonen ut av kjellarlokala, og Norvald kjøpte tomta Framnes på ytre Skeide i 1947 for kr 1260,-. Bygging av verk stadbygg på ca 300 m2 vart sett i gong. Han fekk god arbeidshjelp til grunn-/og betongarbeidet av svigerfaren Laurits Ulstein, som var fiskar, og svogeren Hans L. Ulstein. Kona Solveig var aktiv i kulissane. Ho aksepterte at bryllaupspengane, saman med oppspart kapital frå kjellarverksemda, gjekk inn i utbygginga. Men dette var ikkje nok, og han måtte ut på den stramme lånemarknaden for å fullføre byggesteg 1- og han hadde truverd til å få lån i Sparebanken på Hareid, utan å sette garden til mora i pant.
Kjellarverksemda hadde no fått skikkelege utviklingsforhold i høvelege lokale. Det vart etter kvart produsert utstyr til både landbruket, snikkarindustrien og til fiskemottak langs kys- ten. Det kan nemnast lasteskuffer for traktorar, silosvansar, mjølkekjerrer, hydrauliske dekkavtakarar, bore- stemmaskin (leverte 10 i ei levering til eit firma i Oslo). Fleire av desse produkta er i bruk i dag, så kvalitet og levetid står det respekt av.
Gode sildeførekomstar utover 50-talet gjorde at Norvald utvikla eit automatisk sildemåleapparat, som hadde ei spesiell ordning som ikkje skada silda. Dette vart det teke patent på. På silde- og fiskemottaka vart det og behov for andre hjelpemiddel, og Norvald hadde stor interesse av å sjå behovet, finne løysingar og utvikle produkt. Det vart derfor produsert bandtransportørar, vinsjar, vareheiser, og kraner i ulike storleikar. Dette saman med den attraktive fiskevaskemaskina, som det og vart teke patent på. Denne kunne nyttast til all slags fisk, også laks då oppdrettsnæringa kom i gang. Desse produkta la grunnlaget for god drift ved Skeides fabrikker A/S, seinare endra til Skeide Mek. Fabrikker
Norvald var hovudeigar og disponent ved verksemda, men etter kvart fekk og brørne seg arbeid der og vart medeigarar. Først den yngste broren Arvid, som hadde gått teknisk skule i Porsgrunn, og seinare Sigvald og Leif. Norvald trekte seg etter kvart ut av den daglege drifta, og han overlet ansvaret til broren Arvid og sonen Lindor ( frå 1970), då han sjølv såg mye mulegheiter med ferdighus- produksjon.
Verksemda vaks fleire gongar ut av sine lokale, byggesteg 2 vart gjennomført i 1960/61, og i 1974 vart ønskje om ein «høghall» med travers- kran ein realitet. Dette er og bygningsmassa slik den står fram i dag.
Utover på 70-talet vart det levert svært mange fiskevaskemaskiner og kai-kraner. Tidene hadde endra seg. Trålarane, som reiste på dei store fiskebankane, fekk installert fiskevaskemaskin for å betre kvaliteten på fisken før innfrysing om bord, og lakseoppdrettsanlegga, som vaks fram langs kysten, trengte kai-kraner.
Drifta var trappa ned i høve generasjonsskifte på slutten av 80-talet, og anlegga vart selde til Ulstein Forsyningsteneste AS, og sidan har anlegga igjen skifta eigar (ar).