Johan Ottesen har markert seg som avismann, lokalhistorikar og som eigar av eit stort fotoarkiv. Han har gitt ut ei rekke bøker og samla tusenvis av stadnamn.
ohan Ottesen vart fødd i Ottagarden på Osnes. Der bur han også i dag. No i lag med kona Karen Randi Festøy. Dei har to døtrer.
Etter Firda Gymnas studerte Johan statsvitskap, sosiologi og historie. I studietida hadde han som deltidsjobb å lage fagordlister frå engelsk til norsk. Eit arbeid som han heldt fram med på heiltid ut 1976 med unntak av eit år som lærar. Etter å ha flytta heim i 1971, kjøpte han også sitt eige trykkeri for å trykke ordlistene.
I 1977 byrja han som redaktør og disponent i Vikebladet AS. Redaktørjobben overlét han til andre etter nokre år. Då firmaet vart delt i 1985, heldt han fram i Viketrykk AS, der han var til 1991. Same året byrja han som redaktør i avisa Møre, der han var til 50-årsdagen i 1994.
I første halvdel av 1980-åra kjøpte Johan arkiva til tre selskap som hadde drive med flyfotografering. I 1994 bygde han eige hus til dei 250 000 eldre flyfotoa som han har. Frå dette landsdekkande arkivet leverer han foto til bygdebøker og privatpersonar. Han har også arkiv etter to lokale fotografar.
I 1999 byrja Ottesen å gje ut bøker på eige forlag – Fotoarkivet. Emna for bøkene har vore flyfoto, fiskebåtar og ishavsskuter. Han har også gjeve ut ei bok der han plasserer jomsvikingslaget i Eiksund/Leikong-området.
Ottesen har i ein periode vore leiar i Sunnmøre mållag. Elles har han i ei årrekkje hatt styreverv i Ulstein SV. Han er særleg interessert i stadnamn, som han har samla inn mange tusen av heilt sidan 1975.